Hopp til innhold

Tilsette har fått krisehjelp etter dødsfall på danskebåten

Fjord Line hevdar at dei har følgd rutinane for bruk av skipsarresten. – Mannskapet tar dødsfallet tungt, seier administrerande direktør Ingvald Fardal.

Ingvald Fardal

TRIST HENDING: Administrerande direktør i Fjord Line Ingvald Fardal meiner reiarlaget har følgd rutinane i samband med dødsfallet i skipsarresten.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Bergensfjord, Fjord Line

DØDSFALL: Ein 20 år gammal mann vart funnen død i skipsarresten på «Bergensfjord» måndag morgon.

Foto: Fjord Line

Dei tilsette på Fjord Line-ferja «Bergensfjord» har fått krisehjelp etter dødfallet i skipsarresten. Ein ung mann frå Nordhordland vart funnen død i fyllearresten på danskebåten måndag morgon.

– Dette er ei trist og tragisk hending, som har gått sterkt inn på dei som var direkte involverte, seier administrerande direktør Ingvald Fardal.

Han fortel at mannskapet, som oppdaga at mannen var død, har fått tilbod om hjelp.

– Dei har tatt dette tungt, og har fått ekstern krisehjelp, seier Fardal.

– Rutinane vart følgd

Den administrerande direktøren meiner reiarlaget følgde rutinane og reglane då 20-åringen var plassert i skipsarresten.

– Alt me har av informasjon tyder på at vårt personale har følgd opp rutinane. Me har som rutine at me sjekkar arresten kvar halvtime.

Mannskapet kontrollerer arresten ved å opna ei luke i døra til cella. Førstestyrmannen om bord vert kontakta dersom det viser seg å vera noko unormalt.

– Han har utdanning innan enkel medisin og førstehjelp og vert kontakta dersom det vert ein vanskeleg situasjon, fortel Fardal.

Arresten på MS Bergensfjord

SKIPSARRESTEN: Det var her i arresten mannen var då han vart funnen død.

Foto: TV2 Danmark

Overvakingsbilete ikkje lagra

Arresten vert videoovervaka både frå brua og resepsjonen på skipet.

– Kapteinen og førstestyrmann har tilgang til ein tv-skjerm som viser arresten. Vakta har òg hatt tilgang til tv-skjerm i resepsjonen.

Det er ikkje lagra overvakingsbilete frå arresten natt til måndag.

Dette skjedde

Fardal fortel om følgjande hendingsgangen etter at det vart oppdaga at alt ikkje var som det skulle med 20-åringen:

  • 07.50: Det vart oppdaga at det var ein kritisk situasjon.
  • 07.55: Førstestyrmann var på plass og starta livredding.
  • 07.55: Ambulanse på land vart varsla.
  • 08.05: Ambulansepersonell kjem om bord.
Politiet undersøker om det kan ha skjedd noe kriminelt da en 20-åring i går døde i fyllearresten på MS Bergensfjord.

VIDEO: Politiet etterforskar dødsfallet i arresten på danskebåten.

Fekk ikkje helsesjekk

Ifølgje den norske forskrifta om bruk av skipsarrest, skal behov for helseundersøking vurderast før nokon vert plassert i skipsarresten. Sidan «MS Bergensfjord» seglar under dansk flagg, gjeld danske reglar for skipet.

Helsetilstanden til 20-åringen vart ikkje undersøkt før han vart plassert i arresten.

– Nei, ikkje før han vart sett i arresten.

Kvifor ikkje?

– Det vart gjort ei subjektiv vurdering av våre tilsette. Om det ikkje vert oppdaga noko unormalt, vil ein ikkje tilkalla førstestyrmann, fortel Fjord Line-direktøren.

Vil gå igjennom rutinane

Fardal understrekar at Fjord Line vil prøva å læra av den tragiske hendinga. Han er klar på reiarlaget no vil gå igjennom rutinane sine.

– Me vil lesa rapporten frå politiet nøye. Om det er noko me kunne gjort annleis må me læra av det, seier sjefen i reiarlaget.

Ingvald Fardal

VIL LÆRA: Fjord Line-sjef Ingvald Fardal seier reiarlaget ønskjer å læra av dødsfallet måndag morgon.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK