Hopp til innhold

Ung mann døydde etter å ha vore i arresten på danskebåten

Ein ung mann blei tidleg måndag funnen død på danskebåten. Han skal ha vore i fyllearresten då han vart funnen.

Politiet i Bergen blei måndag morgon kontakta av mannskap på danskebåten «MS Bergensfjord». Politiet blei då informert om at ein mann var funnen død på danskebåten.

Kontakta politi i Bergen

Meldinga til politiet kom klokka 08.18 måndag morgon.

– Me fekk melding om at ein mann var død og me reiste ut til båten. Me har oppretta sak på dødsfallet, seier operasjonsleiar Ole Jakob Malmo i Hordaland politidistrikt til NRK.no.

Operasjonsleiaren kan ikkje seia noko om kor på danskebåten mannen blei funnen.

I fyllearresten

Men fleire aviser melder at mannen var sett i fyllearresten kvelden før han vart funnen død. Administrerande direktør Ingvald Fardal i Fjord Line stadfestar dette.

– Mannen var i arresten om bord. Det er det videoovervaking, i tillegg til at vakthavande har rutinar for å sjekke cella. Det var på denne kontrollen like etter klokka 06.00 at det var ein kritisk situasjon, seier Fardal til BA.no.

Han vil ikkje utdjupa nærmare kva som hendte.

Ikkje lege om bord

Det var ikkje lege om bord, og mannen vart ført tilsyn med av to sikkerheitsvaktar om bord.

For få år sidan kom ei ny forskrift, som regulerer bruk av arrest om bord på norske skip. Denne krev at det skal verte vurdert helsehjelp, og at det skal vere tilsyn kvar time eller oftare.

Politiet etterforskar no saka, og ville ikkje uttale seg nærmare om saka måndag kveld. Båten fekk gå vidare til Stavanger og Hirtshals etter at politiet hadde vore om bord.

Mannen var i starten på 20-åra. Politiet har ikkje informasjon om kor han kjem frå, men ifølgje BT.no er han frå Nordhordland.

Det er Fjord Line som eig båtane som går mellom Bergen, Stavanger og Hirtshals i Danmark.