Hopp til innhold

Fosse: – Ho sviktar nynorsken og fornærmar Vestlandet

Den Nationale Scene (DNS) i Bergen hadde ikkje ein einaste nynorsk eigenproduksjon i Språkåret 2013. Jon Fosse meiner regjeringa må ta nasjonalstatusen frå teateret, men det finst ingen krav til kor mykje nynorsk dei skal ha.

Agnete Haaland DNS

LÅG NYNORSKDEL: Sidan Agnete Haaland overtok styringa har berre éin av DNS sine 23 eigenproduksjonar vore på nynorsk. – Men i år har vi tre av elleve, seier teatersjefen.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Jon Fosse

MEINER STØTTA BØR BORT: DNS oppfyller ikkje rolla som nasjonalteater, meiner dramatikaren Jon Fosse.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

– Det er teatersjefen sitt ansvar å gjera kunstnariske val, inkludert val av stykke og kva målform stykka skal spelast på. Kulturdepartementet har ikkje, og skal ikkje ha, innverknad på dei kunstnariske vala som blir tekne, opplyser Kulturdepartementet til NRK.

Etter at DNS fekk status som nasjonalteater i 1993, har finansieringa kome frå staten, og ikkje kommunen eller fylket. I tilskotsbrevet for 2014 står det at «I et kontrastrikt og mangfoldig samfunn er det (...) viktig å legge til rette for og fremme ein stor breidde av stemmer og tilbod».

– For lite nynorsk

DNS er eitt av tre nasjonalteater i Noreg, og det einaste på Vestlandet. Den verdskjende dramatikaren Jon Fosse meiner DNS og teatersjef Agnete Haaland ikkje oppfyller rolla som nasjonalteater. Årsaka er den låge nynorskdelen av oppsetjingane.

Sidan 2005 har berre ni av teaterets 107 eigenproduksjonar blitt spelt på nynorsk. I Språkåret 2013 var ingen på nynorsk.

– Dei ligg jo midt i nynorskland. DNS skal ha status som nasjonalteater, og så er dei ikkje meir enn eit bergenspatriotisk teater. Skal DNS ha nasjonale ambisjonar, bør dei i det minste forsøka å dekka Vestlandet. Då må dei spela på nynorsk. Ikkje berre det, men det òg, seier Jon Fosse til Bergens Tidende.

– Tar nynorsk på alvor

Teatersjef Agnete Haaland ved DNS er ueinig med dramatikaren.

– I 2014 skal me ha elleve eigenproduksjonar, og tre av desse er på nynorsk. Eg synest dette viser at me tar målformer på alvor, seier Haaland til avisa.

Ho peiker på at DNS har ansvar for å forvalta båe målformene i Noreg, men meiner dei har eit særskilt ansvar for det bergenske språket.

Dei ni førre åra har nynorskdelen vore på vel åtte prosent ved teateret. Fosse meiner nynorskdelen burde vore minst dobbelt så høg, og synest det bør medføra at nasjonalstatusen blir tatt ifrå DNS.

– Den Nationale Scene har av ein eller annan forunderleg grunn fått status som nasjonalteater, men dei klarer ikkje ein gong å ta på seg å vera eit teater for Vestlandet. At dei skal ha nasjonalstatus er aldeles feil, og eg håper regjeringa har såpass vit at dei tar statusen frå dei, seier Fosse.

Ingen krav til målform

– Det blir ikkje stilt krav til målform i tilskotsbrevet til Den Nationale Scene. Målpraksisen ved teateret er dermed ikkje i strid med krava knytt til statstilskotet, seier Kulturdepartementet.

– Eg meiner DNS fyller rolla fordi me skaper debatt, bidreg til å setja dagsorden, har høg kunstnarisk kvalitet og har eit mangfaldig repertoar, svarer Haaland til Bergens Tidende.