Hopp til innhold

Megafon-seljarane vil hjelpa terrorofra

Dei vanskelegstilte i samfunnet vårt er også sterkt prega av hendingane på Utøya og i Oslo.

Megafon

Megafon er eit gateblad som blir seld av vanskelegstilte i Bergen.

Foto: Megafon

Megafon er eit gateblad som blir seld av narkomane og andre vanskelegstilte menneske i Bergen. Gatemagasinseljarane har no bestemt seg for at dei vil hjelpa ofra etter terrorhendingane i Noreg.

– Me er ganske rysta me også, sjølv om me er litt utanfor samfunnet. Me stod og snakka om det og plutseleg fekk me ideen. Me kan jo samla inn nokre kroner me også til dei. Alt hjelper jo, seier Tony, ein av dei som sel Megafon, til P4 .

Gi til ein hjelpeorganisasjon

Dei har sjølv lite å rytte med, men har eit stort ønske om å hjelpa.

LES OGSÅ: Megafon hedret

Pengane som seljarane gir blir truleg sendt vidare til ein hjelpeorganisasjon. Det opplyser leiinga i gatemagasinet til radiokanalen.

– Den skytinga gjekk mest innpå meg, fordi det var så mange flotte ungdommar. Dei hadde heile livet føre seg. Me hadde sikkert statsminister, alt mogleg,og gud veit kva dei ungane hadde blitt når dei hadde vakse opp, seier Tony.