Hopp til innhold

Med dette biletet vart norske Simon den beste unge fotografen i Europa

17-åringen sende inn fem bilete til konkurransen, og alle hamna i finalen.

Fossekall

FOSSEKALL: Den unge fotografen vert fascinert av fuglar og dyr. Han føretrekker nærområda når han skal ta bilete.

Foto: Simon Johnsen

Simon Johnsen fekk tittelen Young European Wildlife Photographer of the Year 2017 i Lünen i Tyskland førre veke.

– Det er jo kjekt, det. Det har vore eit bra år for meg, seier Johnsen til Hardanger Folkeblad.

Vann med bilete av nasjonalfuglen

17-åringen er oppvaksen på Austlandet, men bur no på Oksenhalvøya i Hardanger.

Den gjeve prisen vert kvart år delt ut av tyske GDT, og Johnsen er svært stolt.

– Det kjennest veldig bra. Det er stort å oppnå dette, seier han til NRK.

Medan han til dagleg utdannar seg til anleggsgartnar, har Johnsen vore ein aktiv naturfotograf sidan han starta å ta bilete i 2013.

Fotografiet som til slutt gjorde at han vann konkurransen var ein del av eit prosjekt han har hatt dette året.

– Det er av ein fossekall. Eg er fascinert av korleis desse sporvefuglane livnærer seg av fisk og insekt som dei finn i vatnet. Eg har leita lenge, men til slutt fann eg eit reir, fortel han.

Simon Johnsen

STOLT: Simon Johnsen er Europas beste unge naturfotograf.

Foto: Knut-Sverre Horn

Jobbar i nærmiljøet

17-åringen likar best å ta bilete av fuglar og dyr, og konsentrerer seg gjerne om ein art om gongen.

– I haustferien jobba meg med å få bilete av sporvehauk. Då hadde eg fri, så då var eg ute ti timar i strekk, fortel han.

Og sjølv om han brukar mykje tid på hobbyen sin, dreg han ikkje langt for å fotografere.

– Eg jobbar i nærmiljøet og viser fram naturen som er tett på oss. Naturen utanfor stovedøra er like eksotisk som på andre sida av verda. Og så er det jo meir miljøvennleg å arbeide på denne måten, seier han.

Norsk dommar i juryen

Audun Rikardsen

GJEV SKRYT: Audun Rikardsen sat i juryen, og omtalar Johnsen som eit stort talent.

Foto: Fabian Ubeda / NRK

Den norske naturfotografen Audun Rikardsen sat i juryen. Han seier til Hardanger Folkeblad at Johnsen er eit stort talent.

– Simon er veldig fokusert og gjer det bra. Han har lært seg kunsten på eigehand og gjer alt frå grunnen.

Rikardsen trur det kan vere ein fordel å ta bilete på den måten Johnsen har gjort.

– Når ein jobbar lokalt, kjenner ein området. Og er du på rett stad til rett tid, blir det ofte både betre og annleis, seier han til avisa.