Hopp til innhold

Måtte redda lam med gravemaskin

Brannvesenet på Husnes måtte låna ei gravemaskin for å redda ut eit uheldig lam, som hadde sett seg fast i eit sju meter langt røyr.

Redda lam i eit 7m røyr

LUKKELEG SLUTT: – Redningsaksjonen fekk ein lukkeleg slutt. Lammet hadde det fint, og det einaste var at det vart litt skittent, seier redningsmann Atle Josdal.

Foto: Atle Josdal

Søndag kveld rykka brannvesenet frå Husnes stasjon i Kvinnherad ut til ein spesiell og dramatisk melding.

– Vi fekk melding om at eit lam hadde sett seg fast i eit sju meter langt betongrøyr og kom seg ikkje ut, seier Atle Josdal i Kvinnherad brannvesen.

Han kalla inn vaktlaget frå Husnes brannstasjon og rykka ut til garden i Vikefjellsveien.

Klarte ikkje å koma seg ut

– Då vi kom fram såg vi ned i ein kumme og inne i eit betongrøyr med ein diameter på ca. 40 cm. Der kunne vi så vidt skimta og høyra lyden frå eit lam, seier Josdal.

Bonden hadde fått ned søyemor som stod og laga lyd for å prøva å få lammet ut av røyret, men det klarte ikkje å kome seg ut.

– Røyret var knust eit stykke inn og det låg betongbitar som sperra, så lammet klarte ikkje å koma seg vidare. Den hadde nok hatt ei vandring innover i røyret frå andre sida på ca. 100 meter, seier brannmannen.

– Og å få eit lam til å rygga hundre meter hadde nok ikkje vore ei enkel sak, legg Josdal til med eit flir.

Måtte hente gravemaskin

Brannvesenet måtte då tilkalla ekstrahjelp og fekk tak i ei gravemaskin for å prøva å få laus sauen.

– Vi fekk grava oss ned til røyret og så byrja vi å grava for hand. Vi fekk då lokka ut lammet med litt blad og gras, og så fekk vi tak i det, seier Josdal.

Lammet vart så attendeført med mora, og både bonden og brannvesenet var godt nøgd med redningsaksjonen.

– Det fekk ein lukkeleg slutt. Lammet hadde det fint, og det var berre litt skittent etter redningsaksjonen, seier Josdal.

– Aldri redda eit lam

Sjølv om det ikkje er kvar dag brannvesenet rykkjer ut for å redda eit lam, har Josdal redda fleire andre dyr.

– Det er ei prioritert oppgåve til brannvesenet å redda både menneske og dyr som er i fare. Eg har vore med å redda både kattar, kyr og hestar, men aldri eit lam. Så det var nytt, seier Josdal med eit smil.

Laster Twitter-innhold