Hopp til innhold

Mann tiltalt etter dødsulykke

Ein 35 år gamal mann er tiltalt for aktlaust drap etter trafikkulykka der dei to søstrene Astrid Ljones Fjærestad og Åslaug Ljones Løklingholm omkom.

Dødsulykke ved Grinde

TILTALT: Ein 35 år gamal mann er tiltalt for aktlaus køyring etter ulykka der dei to søstrene Astrid Ljones Fjærestad og Åslaug Ljones Løklingholm omkom.

Foto: Kristian Eidesvik

Trafikkulykka der søstrene omkom skjedde den 22. juni i år, på E134 mellom Aksdal og Grinde i Tysvær kommune.

Ifølge politiet skal ein bil med ein familie om bord ha komme over i motsett køyrefelt, og kolliderte med motorsykkelen kvinnene sat på front-mot-front.

Det var Bergens Tidende som skreiv om tiltalen først tysdag.

Ingen av dei fem som sat i bilen fekk fysiske skader, men kvinnene på motorsykkelen vart bekrefta omkomne kort tid etter ulykka.

Dei to omkomne kvinnene er døtrer av den tidlegare bergensordføraren Ingmar Ljones.

Tiltalt for aktlaust drap

Statsadvokaten i Rogaland har no tiltalt sjåføren av bilen for aktlaust drap. Ifølge tiltalen skal sjåføren ha «sovna og/eller var på annan måte uoppmerksam», slik at bilen kom over i motsett køyrefelt.

Advokat Thor Arne Reitan er forsvararen til den tiltalte 35-åringen.

– Kva reaksjon har din klient hatt på tiltalen?

– Det har gått veldig hardt inn på han. Heile hendinga har prega klienten min veldig, og han slit veldig med det, seier advokat Thor Arne Reitan til NRK.

– No er det om å gjere å førebu seg mest mogleg framover. Eg har førebudd han på at det blir ein tøff periode. Når rettssaka nærmar seg blir det nok tøffare for kvar dag, seier han til NRK.