Hopp til innhold

– Tankane våre går til familien

Kvinnene som omkom i ulukka på E39 i går var søstrer. Dei to er døtrer av tidlegare bergensordførar Ingmar Ljones.

Dødsulykke ved Grinde

SØSKEN: Dei to kvinnene som omkom i trafikkulukka ved Grinde i Tysvær i går, er søstrer frå Arna i Bergen. Etterforsking tyder på at personbilen på biletet kom over i feil køyrefelt og trefte motorsykkelen som kvinnene sat på.

Foto: Kristian Eidesvik

Ingmar Ljones

MISTA DØTRENE: Dei to kvinnene var døtrer av tidlegare bergensordførar Ingmar Ljones.

Foto: Simon Sortland

Politiet har i dag frigjeve namna på dei omkomne i samråd med familien.

Det var Astrid Ljones Fjærestad (47) og Åslaug Ljones Løklingholm (45) frå Arna i Bergen som mista livet, då motorsykkelen dei sat på kolliderte med ein personbil på E39 ved Grinde i Tysvær i Rogaland.

Mista døtrene

Dei to kvinnene er døtrer av Ingmar Ljones (70), som er tidlegare ordførar i Bergen for KrF.

Ljones vart vald inn i bystyret i Bergen første gang i 1979. Frå 1991 til 2001 veksla han mellom rolla som ordførar og varaordførar i Bergen.

Astrid Ljones Fjærestad var assisterande rådmann i Kvam herad, medan søstera Åslaug Ljones Løklingholm jobba i Bergen kommune. Dei lèt etter seg ektemenn og barn.

– Tankane våre går til familien

Ved arbeidsplassen til Astrid vart dei tilsette orienterte om dødsfallet på ei møte i dag tidleg.

– Det var ein ufatteleg trist beskjed å få. Tankane våre går til familien i dag, seier ein prega ordførar i Kvam, Asbjørn Tolo.

Han fortel at kommunen vil arrangera ei minnestund etter gravferda.

Kom over i feil køyrefelt

Måndag vil fleire bli avhøyrt av politiet i forbindelse med etterforsking av ulukka. Spor på staden tyda på at personbilen kom over i feil køyrefelt og trefte motorsykkelen. Føraren av bilen (36) er sikta, men det er ikkje mistanke om rus.

– Han er fråteke førarkortet, det er vanleg saksgang i slike alvorlege ulukker. Me veit førebels ikkje kvifor personbilen hamna over i feil køyrefelt, seier lensmann i Tysvær, Racin Tjøsvoll.

Det var ein familie som sat i personbilen. Dei kom ikkje fysisk til skade, men vart varetatt av helsepersonell i går.

– Det er traumatisk for alle partar å oppleva ei slik alvorleg ulukke.

Grinde