Hopp til innhold

Mann pågripen etter knivstikking

Ein mann vart ved midnatt pågripen etter knivstikkinga på Bybanen i Bergen måndag ettermiddag. Ein 33 år gamal mann ligg alvorleg skadd på Haukeland.

knivstikking bybanen

WERGELAND: Ein person blei teken hand om av ambulansepersonell på bybanestoppet på Wergeland.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

– Vi har pågripen ein mann. Det skjedde like etter midnatt, i ein bustad i Bergen. Pågripinga skjedde utan noko form for dramatikk, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Hordaland politidistrikt.

Den mistenkte sit fengsla i forvaring og vil bli avhøyrd utover dagen.

– Det vil bli vidare etterforsking, avhøyr av vedkommande og samt oppfølging av fornærma, seier Kolltveit.

Ein 33 år gamal mann er alvorleg skadd og ligg på Haukeland universitetssjukehus etter at han blei stukken med kniv på Bybanen i Bergen.

Fekk melding om knivstikking

Kring klokka 18 rykka politiet ut til bybanestoppet på Wergeland i Bergen.

– Me har fått melding om at det skal ligge ein person som blør på Bybanen ved Wergeland. Han skal ha blitt trua eller stukken med kniv, sa operasjonsleiar Arve Samsonsen.

Den 33 år gamle mannen blei funnen på bybanestoppet og køyrt i ambulanse til sjukehus.

– Han skal ha blitt knivstukken i hovudet, men var bevisst, sa operasjonsleiaren.

Går gjennom overvakingsbilete

Bybanevogna der knivstikkinga skjedde er konfiskert og ute av drift. Politiet søkte tysdag kveld framleis etter gjerningsmannen.

– Han skal ha gått av Bybanen ved Brann Stadion og stukke av til fots. Me har fått ein skildring av mannen, sa Samsonsen til NRK tysdag ettermiddag.

Vitne til hendinga vart tysdag kveld avhøyrt av politiet, og politiet skulle gå gjennom overvakingsbilete frå Bybanen.