Hopp til innhold

Mann i 50-åra sleppt fri etter butikkran

Politiet trudde dei hadde gjerningsmannen etter butikkranet laurdag. No er den mistenkte sleppt fri, og jakta held fram.

Ran på Bunnpris i Lægdesvingene

PISTOLRAN: Politiet har ingen mistenkte etter ranet på denne Bunnpris-butikken i Bergen.

Foto: 03030-tipser

Det var laurdag kveld at Bunnpris-butikken i Lægdesvingene på Landås vart rana av ein mann med pistol. Vedkommande skal ha gått roleg bort til kvinna som var på jobb i kassa, og truga til seg eit mindre pengebeløp.

Laurdag kveld arresterte politiet ein mann i 50-åra, mistenkt for å stå bak ranet. Han var i avhøyr med politiet søndag, men er no sleppt fri.

– Ut ifrå bilete frå overvakingskamera som vi har fått, er det sannsynlegvis ikkje denne personen som har utført ranet. Mannen fekk høve til å forklara seg, og forklaringa er lagt til grunn saman med bileta. Derfor har vi sleppt han fri, seier leiar Jan Martin Skulstad ved allmennseksjonen på Bergen sentrum politistasjon.

Jaktar ranaren

Politiet har ingen andre mistenkte i saka, og går no gjennom etterforskingsmaterialet etter nye spor.

– Vi har altså bilete av gjerningspersonen, men dei er av ulik kvalitet.

Politiet vil førebels ikkje gå ut med overvakingsbileta for å få fleire tips i saka. Dei leitar etter ein mann dei antek er i 20–30 årsalderen som er kring 170 cm høg. Vedkommande var iført svart jakke med V-form på ryggen, grå joggebukse og lyse joggesko.

Fekk med seg kring 3000 kroner

Meldinga om ranet kom inn til bergenspolitietn klokka 18.14 laurdag. Den kvinnelege tilsette som var på jobb opplevde ifølge Bergensavisen sitt andre ran på to og eit halvt år.

Ho kom uskadd frå hendinga.

Butikksjef Frode Solberg anslår at ranaren fekk med seg kring 3500 kroner.