Hopp til innhold

Mann alvorleg skadd i valdsepisode – ein mistenkt arrestert

Ein mann i 20-åra er innlagd på sjukehus med alvorlege skader etter å ha blitt slått ned på Bremnes i Bømlo. Ein annan mann i 20-åra er arrestert etter hendinga.

Mann slått ned

Like før klokka halv tre natt til søndag fekk politiet melding om ein valdsepisode ved Pizzabakeren på Bremnes i Bømlo.

– Det hadde blitt utøvd vald mot ein mann i 20-åra. Vedkommande var blitt slått i hovudet, og ambulansen frakta mannen til Stod sjukehus med alvorlege skadar, seier operasjonsleiar Tore Frøyland Jensen i Sør-Vest politidistrikt.

Politiet etterlyste vitneobservasjonar etter hendinga, og rundt klokka fram i natt vart ein mistenkt mann arrestert på Bremnes.

– Vitneopplysningar gjorde at vi fann fram til vedkommande. Dette er også ein mann i 20-åra, og det var ingen dramatikk rundt pågripinga, seier Jensen.

Det er uvisst kva relasjon dei to har til kvarandre, og verken den mistenkte eller den fornærma mannen er førebels avhøyrd av politiet.

– Vi planlegg avhøyr av den mistenkte mannen i løpet av dagen, seier operasjonsleiaren.

Politiet ønskjer framleis å kome i kontakt med vitne som har vore i område og har sett valdsepisoden.

– Vi er avhengige av vitneopplysningar og forklaringane til dei involverte, og oppmodar folk som har vore i område ved Pizzabakeren mellom klokka 01.30 og 03 i natt om å kontakte oss. seier Jensen.

Politiet er ferdig med undersøkingar på staden.