Hopp til innhold

Melder søstrer for falsk forklaring om valdtekt

Tingretten lauslét 34-åringen som er sikta for valdtekt av to søstrer. No melder han og forsvarar Helene Elness søstrene til politiet.

Helene Elness

FORSVARAR: Advokat Helene Elness forsvarar den sikta. Ho seier 34-åringen er sjokkert over siktinga.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

Ein 34 år gamal mann vart søndag arrestert og sikta for valdtekt av to kvinner i 20-åra.

Ifølge BA er dei to kvinnene søstrer. Mannen vart arrestert søndag føremiddag heime hjå dei.

– Han er sikta for valdtekt av to kvinner, seier politiadvokat Trond Eide i Hordaland politidistrikt til BA.

Dei påståtte valdtektene skal ha skjedd i ein av Bergens omegnskommunar same dag som han vart arrestert.

– Sjokkert

Mannen skal ha hatt eit månadslangt forhold til den yngste av søstrene, og skal ha vore på helgebesøk i leilegheita til vedkommande.

Mannens forsvarar, advokat Helene Elness, seier at han nektar straffskuld.

– Han stiller seg heilt uforståande til siktinga og er heilt sjokkert. Han var på besøk og kjenner seg overhovudet ikkje att i skuldingane. Dette er heilt uforståeleg for han, seier Elness til NRK.

Melder for falsk forklaring

Tysdag ettermiddag vart 34-åringen framstilt for varetektsfengsling i Nordhordland tingrett.

Tingretten lauslét mannen, skriv BA. Men aktor anka, og 34-åringen blir sitjande i varetekt til Gulating lagmannsrett har behandla saka.

No varslar forsvarar Elness at dei vil melde dei to kvinnene for falsk forklaring. 34-åringen seier han har vore i intim kontakt med den eine kvinna, og hatt frivillig sex med den andre.

– Det er ikkje vanskeleg å tenkje seg eit motiv for å skulde han for valdtekt. Når to søstrer har intim kontakt med same mann i same leilegheit, seier det seg sjølv, hevdar Elness overfor BA.