Hopp til innhold

Mann (29) sakna i Os

  • Etterlyser sakna internasjonalt

    Politiet i Os går i løpet av dagen ut med ein internasjonal etterlysing av Alexander Holsen (29). Mannen har vore sakna av familien sin sidan 4. oktober og politiet held alle moglegheiter opne. – Vi gjer alt i vår makt for å finna han, seier lensmann i Os, Oddbjørn Dyrdal. Har du tips i saka kan du kontakta politiet på 02800.

  • Ingen funn i Os

    50 frivillege frå Røde kors og Norske redningshunder er ute i terrenget i Os, men framleis er det ingen spor etter 29 år gamle Alexander Holsen (29) som har vore borte sidan førre onsdag.

    Leteaksjon i Os
  • Etterlyser 29-åring

    Ein mann (29) er meld sakna frå Os. Siste bekrefta kontakt var onsdag 4. oktober, skriv politiet i ei pressemelding. Mannen er 168 cm høg, har normal kroppsbygning, kort mørkeblondt hår og lys hud. Han kan ha gått i lue, blå ytterjakke, tynn strikkegenser, grå eller sort joggebukse, samt svarte eller kvite joggesko då han forsvann. Kanskje hadde han solbriller. Politiet ber om at personar som kan vita noko, tar kontakt på 02800.