Hopp til innhold

Skulle reise til Polen – sporlaust borte

Alexander Holsen (29) frå Os har vore sakna sidan onsdag i førre veke. Tysdag vart leiteaksjonen avslutta.

Alexander Holsen

SAKNA: Alexander Holsen har vore sporlaust borte sidan onsdag.

Foto: PRIVAT

SISTE: Leiteaksjonen etter Alexander Holsen vart avslutta tysdag, opplyser politiet.

– Siste sikre observasjon av Holsen var onsdag i førre veke, seier politiførstebetjent Rune Fimreite ved Os lensmannskontor.

I samråd med familien gjekk politiet måndag ut med etterlysing av 29 år gamle Alexander Holsen.

Leitar i Os

– Han skulle reise til Polen i dag. Men bagasjen står att heime, sa Fimreite til NRK måndag ettermiddag.

Politi, Norske Redningshunder og Røde Kors starta då leitinga etter Holsen i området rundt heimen på Os.

– Vi har vore i kontakt med venekrinsen hans, som ikkje veit kor han er, sa Fimreite.

Nytt søk tysdag

Leitinga måndag gav ikkje resultat. Tidleg tysdag morgon seier politiet sin operasjonsleiar, Frode Kolltveit, at det trass den offentlege etterlysinga heller ikkje har kome nye tips i saka.

Kort tid etter blei søket altså avslutta.

– På bakgrunn av tips som har kome inn har vi grunn til å tru at han er i live og at han er i nærområdet, seier politiførstebetjent Rune Fimreite ved Os lensmannskontor til Midtsiden.

Signalement

Alexander Holsen er 168 cm høg, har normal kroppsbygning, kort mørkeblondt hår og lys hud.

Det er ikkje kjent kva han var kledd i da han forsvann, men Holsen går ifølgje politiet ofte med lue, blå ytterjakke, tynn strikkegenser, grå eller svart joggebukse, samt svarte eller kvite joggesko. Han kan ha hatt på seg solbriller då han forsvann.

Politiet ber folk som har tips eller observasjonar knytt til Alexander Holsen, om å ringe tipstelefon 48002480 eller 02800.

Leteaksjon i Os