NRK Meny
Normal

Mange demonstrerte mot IS i Bergen

Lokalpolitikarar, den Norske kirke, og Bergen moske i Bergen, viste laurdag solidaritet for ofra for IS-valden. Mange møtte opp for å støtte saka.

Markering mot IS

MANGE MØTTE OPP: Lokalpolitikarar, den Norske kirke, og Bergen moske i Bergen, viste laurdag solidaritet for ofra for IS-valden.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

– Velkomen til markeringa mot vilkårleg drap, mot drap på etniske minoritetar, drap basert på religiøs forfølging, og bestialske handlingar, sa Tom Sverre Tomren i Miljøpartiet De Grønne då han talte.

Han var initiativtakar for demonstrasjonen på Torgallmenningen i Bergen, og mange hadde møtt opp for vise solidaritet ovanfor ofra for IS-valden.

Arrangementet var tverrpolitisk, og alle dei ni partia i bystyret i Bergen stilte opp på demonstrasjonen.

– Ikkje mogeleg å forklare deira lidingar

Veman Linevai

HELDT APPELL: Veman Linevai kom rett frå Kurdistan og heldt appell på demonstrasjonen på Torgallmenningen laurdag.

Foto: Kjartan Lærgreid / NRK

Veman Linevai frå Kurdisk Studentunion var ein av dei som heldt appell på Torgallmenningen i Bergen. Ho har tidlegare uttalt at dersom IS kjem til heimbyen Dohuk, så skal ho kjempe mot islamistgruppa.

Ho hadde akkurat kome attende frå Kurdistan.

– Som dei fleste har fått med seg så gjennomgår kurdarar eit systematisk folkemord. Eg vil først påpeike at krigen mellom IS og kurdarar ikkje er noko nytt, krigen starta allereie i Syria og Vest-Kurdistan, sa Linevai under sin appell.

Ho snakka om korleis IS då tillèt soldatane å angripe kurdiske heimar, og at dei heldt kvinner som slavar, og sa at det same skjer no i Sør-Kurdistan.

– For berre tre veker sidan klarte IS å ta kontroll over enkelte kurdiske områder, og spesielt i byen Shengal, sa Linevai.

– Over 800 000 menneske forlét heimane sine, og flykta til andre byar, og over 100 000 menneske flykta til Shengal-fjella. Fleire hundre kvinner blei bortført og heldt som slavar, og dei vakre kvinnene selde dei til land som Saudi-Arabia, Syria, og Qatar, la ho til.

Ho snakka så om korleis fleire hundre kurdiske ungdommar har blitt arrestert, og blitt tvunge til å konvertere til Islam, for så å bli tvunge til å delt i jihad-krigen for å kjempe mot sine eigne.

– Eg har møtt hundrevis av barn, eldre, kvinner, og menn, og kvar av dei hadde ein grufull historie. Det er ikkje mogeleg å forklare deira lidingar, sa ho.

Fekk trussel før markering

Tom Sverre Tomren

INITIATIVTAKAR: Tom Sverre Tomren i Miljøpartiet De Grønne var initiativtakar for arrangementet i Bergen laurdag.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Før demonstrasjonen mot Profetens Ummah og IS som skal vere i Oslo måndag, har Ubaydullah Hussain sagt at det er uakseptabelt at muslimar demonstrerer mot dei.

Tom Sverre Tomren i Miljøpartiet De Grønne informerte om at før markeringa hadde nokon av dei som deltok på markeringa mottatt ein trussel på Facebook.

– Det viser korleis dette ekstreme miljøet reagerer. Me møter plutseleg ein kultur og ein valdskultur som me sjeldan ser, sa Tom Sverre Tomren i Miljøpartiet De Grønne i sin appell.

Tomren sa ingen trengde å vera redde på grunn av trusselen.

– Det er ingen trussel retta mot dette arrangementet. Her i Bergen lar me oss ikkje skremme, me reiser oss, og står opp når me ser urett, sa han.

– Treng humanitær støtte

Linevai har venner og familie i områda i Shengal-fjella, og ho meiner det er viktig å spørje seg om den noverande situasjonen i Kurdistan, og håpar dagens markering får folk til å starte innsamlingsaksjonar.

– Akkurat no er ikkje situasjonen bra i Kurdistan, og det trengst humanitær støtte. Over 800 000 menneske har flykta og no har det gått over kapasiteten til dei kurdiske myndigheitene, og difor trengst det humanitær støtte frå andre land, sa ho.

– Det er tusenvis av folk som går i gatene, barn, kvinner, menn, seier Linevai før ho avbryt.

– Eg er tom for ord.

Markering mot IS

MANGE MØTTE OPP: Markeringa mot IS-valden hadde mange frammøtte laurdag ettermiddag.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017