Hopp til innhold

Macallister til Lyn

Brann-spelar Dylan Macallister skreiv onsdag kveld under på ein treårskontrakt for FC Lyn i kveld.

Macallister reiser til klubben med det same.

Torgeir Bjarmann er svært nøgd med at han valde Lyn, og meiner at Dylan er ein perfekt spelartype for FC Lyn Oslo, skriv fotballklubben på sine nettsider.

Ønskjer Macallister velkomen

Vidare skriv dei at dei ønskjer Dylan velkomen, og håpar at han kan bidra offensivt for klubben komande sesong.

Australiaren var i Skien på tysdag for å forhandla med Odd, men blei ikkje samd om ein ferdig kontrakt.

Oslo-klubben Lyn meldte seg så på i kampen om den australske spissen.

Måltørke i Brann

Macallister er Bosmanspiller, det vil seia at Brann måtte selja han i år for å få pengar for han. Kontrakten hans med Brann går ut ved årsskiftet neste år.

 

Den australske spissen har ikkje vore ein suksess for Brann.

Etter at han scora to mål i serieopninga mot Molde i 2003, har det vore total måltørke for Macallister.