Hopp til innhold

Her må du betala for å hente ting du har gløymt

Det kostar faktisk pengar å få tilbake det du gløymer på bussen. Prisen du må betala varierer ut frå kva du har gløymt.

Paraplyar gløymte på bybane og buss

MANGE: Paraplyar er blant det flest gløymer igjen på buss og bybane. Dette er berre nokre få av paraplyane Skyss har på hittegodskontoret sitt.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

Når regnet pøsar ned på morgonen, men sola skinn når ein skal heim på ettermiddagen, kan det vera vanskeleg å hugsa på å få med seg paraplyen heilt heim.

Blir den liggande igjen på Bybanen eller buss i Bergen, Os, Askøy, Sotra eller Øygarden kostar det 20 kroner å henta den ut frå hittegodskontoret. Mobiltelefonar og andre verdisaker kostar det 40 kroner å henta ut.

Mobiltelefonar gløymde på bussar i Bergen og omegn

OFTE HENTA: Mobiltelefonar er blant dei gløymde gjenstandane som oftast blir henta, men hittegodsansvarleg i Skyss har inntrykk av at ein del tar det på forsikringa og ikkje bryr seg med å henta gløymte telefonar.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

Boksar med hittegods hos Skyss

VERDISAKER: Skyss har boksar med mobiltelefonar, lommebøker og briller som er gløymt igjen på buss eller Bybanen.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK
– Det er for å dekka kostnadane me har når me tek vare på gløymte gjenstandar. Det er heimel i hittegodslova for å ta vederlag for utlevering av hittegods, seier leiar for juridisk avdeling Karl Inge Nygård i Skyss.

– Korleis reagerer folk på at dei må betala?

– Folk er stort sett glade for å få igjen tinga sine. Det er berre nokre få som reagerer på at dei må betala, seier Karl Inge Nygård.

Hentar ikkje paraplyar og skjerf

Hittegodskontoret for Bergen og omland får inn rundt 1000 gjenstandar i månaden, og det blir liggande til oppbevaring på kontoret i tre månadar. Etter tre månadar blir verdisaker leverte til politiet og andre ting blir destruerte.

– Det er typisk verdisaker som lommebøker og mobiltelefonar som blir henta, og gymbagar blir av og til henta, forklarer Nygård.

– Det som typisk blir liggande igjen er paraplyar, hanskar, huer og skjerf, legg han til.

Sjølv om mobiltelefonar og lommebøker ofte blir henta er det berre om lag halvparten av verdisakene som kjem inn til hittegodskontoret som blir henta.

Johan Greif

ROLEG SOMMAR: Hittegodsansvarleg Johan Greif i Skyss merkar godt når det er sommar. Då kjem det mindre gløymte ting inn til hittegodskontoret.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

– Det er vanskeleg å seia eksakt kor stor del som blir destruert, men det er mykje, særleg av det som ikkje er verdisaker, som går i bosset, seier Nygård.

Mange verdisaker blir ikkje henta

Skyss sitt hittegodskontor merkar godt når det er sommar, då kjem det mindre løymte ting inn på kontoret. Mange som gløymer igjen ting på bussar og bybane er skuleelevar som gløymer blant anna gymbagar.

– Verdisaker er det som blir henta oftast. Det er mykje verdisaker og mobiltelefonar som også ikkje er henta, fordi det verkar som om folk tek det på forsikringa, eller allereie har sperra kort slik at dei ikkje bryr seg med å henta dei, forklarer hittegodsansvarleg Johan Greif i Skyss.

– Kva er det mest spesielle de har fått inn?

– Me får inn mykje rart. Me fekk ein gong inn ein pose med actionfilmar, og så låg det ei eske med testosteron etterpå. Nokon hadde kanskje sett føre seg ein veldig macho filmkveld, seier Greif.

LES OGSÅ:

Pokersett

POKER: Dette pokersettet høyrer blant gjenstandar Skyss sitt hittegodskontor ikkje får inn så ofte, men ingen har så langt etterlyst det.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK