Hopp til innhold

Lyser ut noregshistorias største vegkontrakt

Det nye Sotrasambandet vil koste ti milliardar kroner å byggje og skal stå ferdig i 2026.

Sotrasambandet, Statens vegvesen

STORT: Det nye Sotrasambandet skal gi ny firefeltsbru og nye toløpstunnelar. Den gamle brua frå 1971 til venstre i illustrasjonen blir småtteri i forhold.

Foto: Illustrasjon / Statens vegvesen

Det er ikkje småtteri som skal byggast på det nye og svært etterlengta Sotrasambandet på riksveg 555 i Hordaland.

Ny firefeltsveg med ny Sotrabru, tre mindre bruer og fire to-løpstunnelar, samt eigne felt for kollektivtrafikk og gang- og sykkelveg, skal stå klar til 2026.

Utbyggingsprosjektet er noregshistorias største vegkontrakt til no, ifølge Samferdsledepartmentet, og blir offisielt lyst ut i dag.

I haust var det tjue år sidan planlegginga av utbygginga starta.

– På Sotra har folk venta lenge på ny veg. Difor er dette ein gledas dag. Dette skal løyse opp i flaskehalsar og blir ei stor forbetring for alle som er avhengige av bilen, seier samferdsleminister Jon Georg Dale i ei pressemelding.

30.000 køyretøy

Sotrabrua som står der i dag, stod klar i 1971 og har for lengst fått sprengt kapasitet. Den er ein del av riksveg 555, som er hovudfartsåra inn til Bergen frå vest.

I dag blir den nytta av 30.000 køyretøy kvar dag og det er lange køar i rushtrafikken både på morgonen og ettermiddagen.

Sotrabrua stod klar i 1971 og blir i dag nytta av 30.000 køyretøy dagleg.

- Dagens utlysing er ein konstatering av at ein no er i gang og følgjer framdrifta. Det er gledeleg og det blir spennande å sjå kven som får tilslaget, seier ordførar Tom Georg Indrevik (H) i nye Øygarden kommune til NRK.

Samferdsleminister Jon Georg Dale

LYSER UT: Samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp).

Foto: Henrik Jonassen / Samferdsledepartementet

17 milliardar

Prislappen på det enorme prosjektet er sett til ti milliardar kroner. Tek ein med prisen for å drifta og vedlikehalda sambandet i 25 år, blir prisen totalkostnaden på anbodet 17 milliardar kroner.

Byggestart er planlagd i 2021 og samferdsledepartementet reknar med at det nye sambandet står klart fem år seinare.

Staten dekkar 50 prosent, medan resten blir dekka inn av bompengar.

Utbygginga skal gjennomførast som eit sokalla offentleg-privat samarbeid (OPS-prosjekt), som betyr at eit selskap skal bygge, finansiere og ha ansvar for drift og vedlikehald av sambandet i 25 år.

– Det er ei stor og vanskeleg utbygging med mykje trafikk i området, så entreprenøren får ein krevjande oppgåve, seier samferdselsministeren.

Sotrabrua

KØ: Eit klassisk syn i morgonrushet på Sotrabrua.

Foto: Statens vegvesen webkamera

Entreprenør må sjølv stå for finansiering

Byggenæringa har tidlegare i haust vore kritiske til dimensjonane på prosjektet.

Byggenæringens Landsforening gjekk ut i Bergensavisen og meinte at utbygginga blir så dyr at norske selskap i praksis er utestengd frå å bygga og driva det.

Dette fordi entreprenøren sjølv må finansiere utbygginga. Midlane som er sett av i Nasjonal transportplan blir først utbetalt etter at utbygginga er ferdig.

– I utgangspunktet lyser mange varsellamper her. Det er kommen ut av proporsjonar, sa Jon Sandnes i foreininga til BA.

- Vi har hatt ei orientering med Vegvesenet som gav signal om at dette ville bli ein attraktivt anbod, seier Indrevik i dag.

På grunn av heilagdagane blir ikkje kontraktutlysinga tilgjengeleggjort før etter nyttår, opplyser departementet.