Hopp til innhold

Lut lei av trøbbel med gamle ferjer

Halvparten av ferjene i Noreg er over 30 år gamle. – Me må nok leva med dei gamle ferjene i nokre år til, seier sjefen for kollektivtransporten i eit av dei største ferjefylka.

MF "Jondal" i Sandvikvåg

FRÅ 1974: MF Jondal er snart 40 år gammal.

Foto: Tom Gulbrandsen

– Ein kan trygt seia at store delar av ferjeflåten er utrangert. Me har i ei årrekkje ønskt betre ferjemateriell, seier Senterparti-ordførar Solfrid Borge i Ullensvang.

MF "Bømlo" på ruten Bruravik - Brinmnes (2009)

FRÅ 1972: MF Bømlo som går mellom Tørvikbygd og Jondal er over 40 år gammal.

Foto: Harald Sætre
Ordfører Solfrid Borge i Ullensvang

KRITISK: Ordførar i Ullensvang, Solfrid Borge, er oppgitt over gammalt materiell på fleire av ferjestrekningane i Hordaland.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Borge er ein av fleire ordførarar som har sett seg lut lei på ventetid, innstillingar og trøbbel grunna gamle ferjer langs norskekysten.

Halvparten av ferjene i Noreg er over 30 år gamle. Trass relativt nye ferjer på samband som Halhjem-Sandvikvåg og Fedje-Sævrøy, er snittalderen på ferjene i Hordaland 25 år.

– Folk er avhengige av at ferjene går. Dei pendlar over fjorden og skal på jobb, seier ein frustrert Ullensvang-ordførar.

LES ÒG: Ferje brasa inn i fjellvegg

Nye forviklingar

Denne sommaren har turistar og pendlarar opplevd ei rekkje komplikasjonar med den gamle ferjeflåten. Onsdag var det igjen lange køar etter driftsstans på ferjesambandet mellom Kinsarvik, Kvanndal og Utne i Hardanger.

MF Jondal smalt i kaien på utne

TRE TIL SJUKEHUS: I førre veke vart tre personar sendt til sjukehus etter at MF Utne kolliderte med ferjekaien på Utne.

Foto: Bente Raaen Widding

I førre veke dundra MF Jondal inn i ferjekaien på Utne, etter tekniske problem. Tre personar vart sende til sjukehus med lettare skadar. MF Jondal vart bygd i 1974.

– Det er jo som med gamle bilar, sjansen vert større for at noko skjer, seier Borge.

I tillegg er utsleppa langt høgare frå gamle ferjer.

LES ÒG: Ferjereisande er sintast i trafikken

Ikkje krav om nyare ferjer

– Me er dei første som beklagar dette, seier Inge Andre Utåker som er regionsjef i ferjereiarlaget NORLED, om hendingane den siste tida.

I motsetnad til fleire andre fylkeer det ikkje stilt krav om alder på ferjemateriellet i tilbodsavtalane på ferjene som NORLED driftar i Hordaland.

– Når det gjeld alder på ferjene, vert det ofte stilt krav til dette, men ikkje i Hordaland. Ingen av tilbodsavtalane me har i Hordaland stiller krav til alder på ferjene, seier Utåker.

Han meiner det er det fylkeskommunale selskapet Skyss, som er ansvarlege for kollektivtrafikken i Hordaland, som må ta ansvar for fornying av ferjeparken.

– I avtalane me har med dei i dag er det ikkje økonomi til å skifta ut ferjene, seier Utåker.

LES OGSÅ: Tyske Wilhelm vet alt om norske ferger

Nye ferjer tidlegast i 2017

Oddmund Sylta

KAN LITE GJERA: Administrerande direktør i Skyss, Oddmund Sylta, meiner det er lite fylkeskommunen kan gjera med ferjeflåten på kort sikt.

Foto: Alexander Vollevik Larsen / NRK
Tom Christer Nilsen

LOVAR BETRING: Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen lovar nye krav i framtida.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden / NRK

Administrerande direktør i Skyss, Oddmund Sylta, seier folk i Hordaland må leva med dei gamle ferjene i minst tre og eit halvt år til. Grunnen er gamle avtalar som Statens vegvesen har inngått med reiarlaga.

– Eg er heilt einig i at mange av ferjene er for gamle, seier Sylta. Men han seier Skyss ikkje kan gjera noko med situasjonen før nye kontraktar skal rullast ut.

– Dei første nye tilbodsrundane vert først rulla ut i januar i 2017, så me må nok leva med dei ferjene me har fram til den tid, seier Skyss-sjefen.

Kva tenkjer de om at ferjene har ein snittalder på 25 år?

– Me er klare på at situasjonen i dag ikkje er god nok, noko alle hendingane i sommar er tydelege dømer på.

– Ferjeflåten er for gammal

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen frå Høgre lovar at det skal stillast krav til alder på ferjene når nye tilbodsrundar skal rullast ut.

– Dette har me gjort for hurtigbåtane i fylket. Så når me i løpet av eit par år startar jobben med ferjene vil det vera naturleg å stilla krav til at delar av ferjeflåten vert fornya, seier Nilsen.