Hopp til innhold

– Dette er eit stort tap for heile Fitjar

Det var 44 år gamle Frode Pletten som omkom medan han arbeidde på eit oppdrettsanlegg i Fitjar. Partikollegaer skildrar han som ein aktiv og godt likt person.

Frode Pletten

ENGASJERT: Frode Pletten (44) var ein engasjert mann i lokalmiljøet på Stord-øya og var klar for å bli vald på ny som representant til kommunestyret.

Foto: Vilde Hjertholm Lunde, Sunnhordland

I samråd med familien går politiet på Stord onsdag ut med namnet på den omkomne. Pletten var ifølge Sunnhordland lokalitetsleiar for eit av Sjøtroll Havbruk sine oppdrettsanlegg i Fitjar.

Arbeidsulykke på Fitjar

KRITISK SKADD: 44-åringen blei frakta kritisk skadd til Haukeland universitetssjukehus måndag føremiddag.

Foto: Anders Totland / Sunnhordland

Måndag morgon hamna han i sjøen etter å ha fått ei stong i hovudet medan han arbeidde på anlegget i Koløyhamn mellom Bømlo og Fitjar måndag. Han blei frakta til Haukeland universitetssjukehus med kritiske skader.

Tysdag føremiddag stadfesta sjukehuset at 44-åringen døydde av skadane han fekk i arbeidsulukka.

– Dette er berre ein stor tragedie

Frode Pletten var velkjend i lokalsamfunnet, skriv Sunnhordland. Han dreiv fiskemottaket på Leirvik i fleire år, før han begynte i oppdrettsnæringa.

For fire år sidan blei han med i lokalpolitikken i heimkommunen Fitjar. Han blei vald inn i kommunestyret for Høgre i 2011, og står på fjerdeplass før valet i haust. Plassen ville høgst sannsynleg sikra han ein ny periode i kommunestyret.

– Frode var ein veldig godt likt person. Han var veldig engasjert, hadde mykje energi og var alltid løysingsorientert, beskriv leiar i Fitjar Høgre, Per B. Bergesen.

Bergesen sit også i nominasjonskomiteen som nominerte Pletten på nytt før årets val.

– Dette er eit veldig stort tap for Høgre i Fitjar. Men det er også eit stort tap for heile Fitjarsamfunnet. Frode var alltid positiv og blid, og veldig flink til å samarbeida på tvers av partigrenser. Dette er berre ein stor tragedie, og våre tankar går til den næraste familie og borna, seier Bergesen til NRK.