Politiet fekk melding rundt klokken halv fem om at ein person var sakna etter bading. Dykkarar vart sende for å søkja etter den sakna.
På botnen
Dei fann mannen på botnen av Storavatnet, og han vart frakta med luftambulanse til Haukeland sjukehus.
Dei starta gjenoppliving av mannen, og tilstanden skal no vera kritisk og ustabil.
Bada på veg heim frå byen
- Det var ein gjeng som hadde vore ein tur på byen. På vegen heim til Fyllingsdalen stoppa dei ved Melkeplassen for å bada. Ein av dei badande forsvann og me sette i gong ein redningsaksjon. Like etter klokka fem vart han funnen, fortel operasjonsleiar Asbjørn Andersen ved Hordaland Politidistrikt.