Hopp til innhold

– Om ein ikkje vil ha folk og spetakkel så får ein reisa ein annan plass

Publikum er i storform under årets Tysnesfest og heila bygda «står på håve» for å hjelpa til – og sjefen for gjengen er naturleg nok ein skipper.

Det er klart for Tysnesfest 2014.

VIDEO: Tysensfest starta torsdag og denne helga kjem 25.000 personar til øya. Møt den småstressa festivalsjefen.

Tysnesfest starta torsdag og denne helga kjem 25.000 personar til øya. Sigvald Madsen er festivalsjef for Tysnesfest og er i desse dagar litt småstressa.

– Eg gjer noko eg eigentleg ikkje kan. Til vanleg køyrer eg båt, det er det eg eigentleg driv med, seier Madsen.

Skipperen som elskar musikk

Masse folk på Tysnesfest

MASSE FOLK: Publikum er i storform under årets Tysnesfest.

Foto: Edvard Tysnes

Men detta er skipperen som elskar musikk og leven, og er ein av dei lokale ungdommane som skipa festivalen i 2007. Ungdommane ynskte å skapa noko i heimkommunen sin. Alle initiativtakarane er framleis med. Nye ungdommar er kome til, og det er rundt festivalen bygd opp eit heilt unikt samhald og fellesskap

Og tilbakemeldingane så langt frå festivalen er det ingenting å seie på:

– Det er kanongøy!

– Det er greie folk, god musikk, båtliv og ikkje minst lettkledde damer. Betre blir det ikkje, svarar ein.

– Om ein ikkje vil ha folk og spetakkel så får ein gå ein annan plass, svarar ein annan.

båtar på tysnesfest

FOLKELIV: Det er venta 25.000 personar til Tysnesfest i helga – og mange kjem sjøvegen.

Foto: Edvard Tysnes

I år er det mange store namn som skal spela på festivalen. For å nemna nokre; Status Quo, Ylvis, Timbuktu & Damn, Morten Harket, Karpe Diem.

Privat restaurant for kjendisane

Det er dårleg med restaurantar på Tysnes, men mat må jo artistane ha.

– Vi har gjort om ungdomshuset til Morten Harket sin private restaurant, så her skal popstjernene eta, om dei vil eller ikkje, seier Madsen.

Og på skulekjøkenet står ho mor og kokkelerer.

– Ja, det er ho som lagar maten. Eg håpar ikkje ho er så streng med hjelparane sine som ho er med meg, humrar Madsen.

Og mora til Madsen er imponert over kva sonen får til.

– Eg synest at han gjer ein kjempejobb. Det er ikkje berre arbeid han gjer no, men heile året. Når festivalen er ferdig på søndag, så byrjar han allereie å tenkje på neste år, seier mor, Anne Russell.

Anne Russell

KOKKEMOR: På skulekjøkenet står Anne Russel, mor til festivalsjefen og lagar mat til artistane.

Foto: Mette Anthun

Stor dugnadsånd

Men han hadde ikkje fått det til utan dei 500 frivillige som hjelper til både før og under festivalen.

– Utan alle dei frivillige hadde vi aldri klart å laga denne festivalen, seier Madsen.

Sjølv om festivalen har blitt stor, så er ikkje festivalsjefen heilt nøgd. For han har ein draum som han enno ikkje har fått til på Tysnesfest.

– Vi har prøvd få Bryan Adams til festivalen i fem år, men ynsker ein det lenge nok så trur eg at han kjem. Det hadde vore topp, seier festivalsjefen.