Hopp til innhold

Kommune stengjer fire skular etter «Nina»

Straumbrotet etter ekstremvêret gjer at fire skular i Lindås kommune held stengt i morgon.

Kriseberedskap i Lindås etter stormen

Lindås kommune sit søndag kveld i krisemøte og vurderar situasjonen fortløpande etter stormen sine herjingar.

– Søk saman og hjelp kvarandre. Har du ein nabo som bur åleine, sjekk om han eller ho har det bra, oppmodar ordførar Astrid Aarhus Byrknes i Lindås kommune.

Ho har sett staben i kriseberedskap etter at mange tusen i kommunen hennar er utan straum. Heimetenesta er bemanna opp og alle fageiningar auka beredskap.

Kommunen har opna ein kontakttelefon som har nummer 94 50 31 69. For dei som ikkje får varmen i seg i straumlause hus, har kommunen opna stova på Knarvik sjukeheim. Fleire personar har nytta seg av dette søndag kveld.

Stengjer fire skular

Søndag har situasjonen ved skulane i kommunen blitt vurdert fortløpande. Skulane manglar nemleg straum, og det er høgst usikkert om dette vert ordna i løpet av kvelden.

BKK seier situasjonen i heile Nordhordland er krevjande, og åtvarar mot at det kan ta dagar før straumen er tilbake som normalt.

Det som er klart er at dei kommunale barnehagane har straum, men det er meir usikkert om fleire private barnehagar kan halda opent i morgon.

Klokka 21.30 har kommunen bestemt at dei må halda stengt på fire skular i morgon. Skulane det gjeld er Skodvin skule, Leiknes skule, Myking skule og Kløvheim skule. Alle dei andre skulane i kommunen held opent.

Betring i Austevoll

I Austevoll ser ting langt lysare ut enn tidlegare i dag. Her vil skulane halda opent som vanleg i morgon. Men ordførar Renate Møgster Klepsvik seier ei har ei lang liste med ting dei må sjekka.

– Feilmeldingane er mange på det lokale straumnettet. Vi jobbar med å kartlegge dette, seier ho til NRK søndag kveld.

I Samnanger er det nesten ingen som har dekning på fasttelefonen eller mobilen. Kommunen har oppretta eit krisesenter på Helsetune på Haga, der det er telefon som innbyggjarane kan nytta.