– Eg las at fotballen blei rund den 26. oktober 1863 på ein pub i London. Då tenkte eg; har ikkje fotballen alltid vore rund? Vart han rund på ein pub?
Linda Eide var gjest i NRK Hordaland si morgonsending på fredag.
Her hadde ho med historier frå det nye programmet Smæsj som har premiere på NRK 1 på sundag.
I Smæsj drar Linda Eide ut i den store verda og utforskar korleis ulike sportar har blitt til.
– Verdas første fotballforbund blei stifta av nokon menn som møttes på ein pub og sa at me må få nokon reglar på dette spelet, som er heilt ureglementert.
Det var på tide å bestemma korleis ballen skulle sjå ut.
– Nokon ville spela med ballen i armane, og nokon ville bruka beina. For å kunne bruka beina, triksa og dribla måtte ballen vera rund. Det var slik fotball den fotballen me kjenner i dag, vart til, seier Eide.
Gjennom 8 episodar blir folk presentert for basketball, bordtennis, curling, fotball, golf, synkronsvømming, tennis og volleyball.
Eide var kjent for grilldressen ho hadde på seg under programmet «Norsk attraksjon». No har ho fått seg ny.
– Eg valgte fargane. Etterpå har eg skjønt at om eg reiste til Italia så hadde alle trudd at eg heia på AS Roma.
Ho håper idrettane dei har valt ut vil ha appel til fleire.
– Desse sportane er verdssportar. Volleyball blir spelt i over 220 land. Og dei har kome frå den store verda og til små plassar og inn å våre små liv, og gjort livet større.Gjennom volleyball i gymtimen, fotball på bakkane og bordtennis på låven. Me startar der, og så går me ut i verda og finn ut korleis dette oppstod.