Legg ned Granvin Ap

Granvin Arbeiderparti blir avvikla fram til Jens Stoltenberg kjem på vitjing til bygda.

Jens Stoltenberg

YNSKJER BESØK: Granvin Ap vil at Stoltenberg sjølv kjem og greier ut kraftlinjesaka for hardingane.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX

Bakgrunnen for å leggja ned alle verv i partiet, som vart fatta onsdag kveld, er Regjeringa sitt ja til å byggja kraftlinjer i Hardanger.

- Me vil at Jens Stoltenberg kjem til Granvin for å gjera greie for kraftlinjevedtaket, seier Arbeiderparti-ordførar i Granvin, Jan Ivar Rødland til Avisa Hordaland.

Jan Ivar Rødland

OPPRØRT: Granvin kokar etter kraftlinjevedtaket førre veke. Ordførar Jan Ivar Rødland vil ha besøk.

Foto: NRK

Rødland ynskjer også å få Statsministeren til bygda for å syna han kva konsekvensane vil bli av vedtaket om å byggja kraftlinjer, skriv avisa. Ifylgje Rødland har Stoltenberg fått melding om vedtaket frå medlemsmøtet i dag.

- Stoltenberg har blitt invitert til Granvin mange gonger, men har aldri kome, seier Rødland.

Feilinformasjon

Rødland meiner det har florert ein del feilinformasjon om i kraftlinjesaka, mellom anna i høve bruk av kabel.

- Me kjenner oss ikkje igjen i delar av argumentasjonen. Det er noko me vil klarna opp i, seier ordføraren.

Pris var ikkje avgjerande for det alternativet Regjeringa til slutt bestemte seg for, sa olje- og energiminister Terje Riis Johansen då vedtaket om å byggja kraftlinjer vart kjent. Det synest Rødland er merkeleg.

- Viss ikkje det står på pris, kva står det på då? spør ordføraren.

Dette er eitt av spørsmåla han vil stilla Jens Stoltenberg om han vitjar Granvin.

LES ÒG: Vil laga pene kraftmaster

Partimøte

I går hadde partilaget i bygda eit ekstraordniært medlemsmøte der nær 30 personar var til stades. Det utgjer halvparten av medlemene til Granvin Ap.

- På møtet vart det avgjort at alle tillitsvalde i partilaget legg ned verva sine. Det blei ikkje masseutmelding, stadfestar ordføraren i bygda.

Det fører til at alle verv, frå styreleiar til valnemnd, vil bli nedlagd heilt til statsministeren vitjar bygda. Ordføraren held fram med å vera ordførar. Også dei andre representantane i formannskap og kommunestyre for Arbeiderpartiet i Granvin held fram i jobbane sine.

- Det er folket i Granvin som har vald meg til ordførar, ikkje partiet, sleg Rødland fast.

Ifylgje Rødland står alle i medlemene bak vedtaket om å midlertidig leggja ned partiet.

- Me kjem til å purra og masa på at han skal koma, seier ordføraren.

LES OGSÅ: Lenkjegjeng frå heile landet