NRK Meny
Normal

Lause steinar kan ha gjort flaumen verre

Forflytting av jord- og steinmassar førte til endringar i elveløpet til Opo, noko som fekk katastrofale fylgjer for fleire av innbyggjarane i Odda. Lause steinar frå ein undervassdemning øvst i Opo kan ha bidrege til å gjere flaumen førre veke verre.

Forflytting av jord- og steinmassar førte til endringar i elveløpet til Opo, noko som fekk katastrofale fylgjer for fleire av innbyggjarane i Odda. Lause steinar frå ein undervass-demning øvst i Opo kan ha bidrege til å gjere flaumen førre veke ekstra sterk.

LAUSE STEINMASSAR: Der Sandvinvatnet møter Opo vart det i 1987 bygd ein undervassdemning. Steinmassar kan ha losna førre veke, og kan ha gjort at Opo endra løp. Dette kan ha gjort flaumen verre.

Eirik Traae

ENDRING: Eirik Traae som er sjefingeniør i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) seier det kan ha vore masseforflyttingar som kan ha endra løpet til Opo.

Foto: Christian Kråkened / NRK

– Det må ha vore mykje masseforflytting oppi her. Me har ikkje fått registrert alt, men det nokre av løypene det har blitt forandringar i, seier Eirik Traae som er sjefingeniør i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Folk i Odda har spekulert i om lause steinmassar frå undervassdemninga der Sandvinvatnet møter Opo er det som bidrog til å endre løpet til elva.

Lastebileigar Torleif Osmo køyrde steinen Statens vegvesen brukte i 1987 for å byggje ein undervassdemninga, han ser ikkje bort frå at stein kan ha losna.

– Det er klart det kan ha skjedd, det kan det, men ein ser ikkje det no, seier lastebileigar Torleif Osmo.

(Saka held fram under biletet)

Endring av løpet til Opo

ENDRING: Masseforflyttingar kan ha endra løpet til Opo.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Store flaumar tidlegare

Dokumentasjon viser at det har vore svært mange flaumar som har vore på nesten same storleik som katastrofeflaumen førre veke.

– På bakgrunn av dokumentasjonen har Odda hatt seks flaumar som var ganske store frå 1917 til 1918, seier Terje Dagestad som er prosjektleiar i Statens vegvesen.

– Me har også hatt flaumar i 1920, på 30-talet og fram til 1940-talet, seier han.

Ingen av desse har hatt like brutale fylgjer som oktoberflaumen i år.

(Saka held fram under biletet)

Opo i Odda

FLAUM: Opo har tidlegare hatt fleire store flaumar, men ingen har hatt like store fylgjer som den i oktober i år. Her frå Odda i 1962.

Foto: Arkiv / NRK

– Mykje vatn er årsaka

I fylgje Norges vassdrags- og energidirektorat er regnet hovudårsaka til følgjene flaumen fekk.

– Her stig det frå 500 kubikk, og opp til 800 og ned att til 500, så det ligg mellom 500 og 800 på eit døgn. Det er jo ekstremt mykje vatn, seier Eirik Traae i NVE.

Han ser ikkje bort frå at forflytting av steinmassar kan ha gjort effekten større.

– Eg kjenner ikkje noko til det, men det kan godt ha skjedd noko i utløpet, seier Traae.

Først når Sandvinvatnet sine breidder går ned får ein svar på om delar av undervassdemninga er forsvunne i Opo.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik