NRK Meny
Normal

Her blei lastebilen sperra inne rett før Oslo-toget kom

Ein lastebil vart fanga mellom bommane på jernbana ved stasjonen på Evanger. Eit passasjertog på veg mot Oslo klarte så vidt å unngå kollisjon.

evanger

KUNNE GÅTT GALE: Ved denne jernbaneovergangen på Evanger heldt eit tog med 350 passasjerar på å kollidera med ein lastebil som var sperra inne på overgangen.

Foto: Politiet

Artikkelen er mer enn ett år gammel.

– Toget klarte å stogga 25 meter før lastebilen. Den stod parkert på overgangen over togsporet på stasjonen, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Vibeke Næss.

Det var eit regiontog på veg til Oslo med 350 passasjerar om bord som heldt på å kollidera. Nesten-ulukka skal ha skjedd klokka 09.00.

– Begge bommane var nede og det var klarert at toget kunne køyra inn på stasjonen, men heldigvis klarte toget å stogga, seier Næss.

Lastebilen er fjerna frå togskjenene.

– Politiet er på veg til staden for å undersøka kva som skjedde.

Fanga på overgangen

– Lastebilsjåføren seier han byrja å køyra over jernbaneovergangen. Bommen gjekk då ned på begge sider medan han var på overgangen. Han seier han verken har høyrd eller sett noko signal, seier Næss.

Delar av bommen på overgangen er øydelagd.

– Det har nok skjedd når lastebilsjåføren har prøvd å komma seg ut frå overgangen.

Sjåføren skal etter forholda ha det greitt, ifølge politiet.

– Vaken lokførar

– Lastebilen har forvilla seg mellom bommane, og toget måtte gjera ein naudbrems, seier pressevakt hjå NSB Sven Westgaard.

Signalet viste at toget kunne køyra, så her er det ein vaken lokførar som har vore det som hindra ei ulukke. Han har gjort som han skulle, og trekt i bremsen. 25 meter er ikkje så mykje.

Passasjertoget frå NSB har køyrd vidare, 25 minutt forseinka.

– Togføraren vert avløyst på Voss. Det gjer vi rutinemessig, seier Westgaard.

Opprettar sak

Politiet på voss opprettar sak mot sjåføren etter neste-ulukka, noko som er rutine.

– Me vil gjera litt undersøkingar og snakka meir med lastebilsjåføren. Me vil også forsikra oss om at alt varslingsutstyret fungerar som det skal ved jernbaneovergangen. Det skal vera lyd og lys som varslar om at det kjem tog, seier Henning Hegbom, politiførstebetent ved Voss lensmannskontor.

Siste video

I kveldens sending kan du se at både Arbeiderpartiet og Høyre frir til Vestlandet i sin søken etter regjeringsmakt etter stortingsvalget i september,
Sambuarparet Anders Dalland og Irene Danielsen gjer alt for at kyrne skal trivast.
Se opptak av Vestlandsrevyen mandag