Hopp til innhold

Lastebilsjåføren: – Tenkte at no var det slutt

Bergensbanen blei stengt etter at lastebilen var like ved å hamna utfor stupet.

Lastebil på kanten ved Trengereid

SMÅ MARGINAR: Ifølge vitne på staden skal det ha vore nære på at denne lastebilen hamna på skjenegangen.

Foto: Bane NOR

Det gjekk nesten gale då lastebilen til Alf Ove Skjelde fekk problem i Trengereid-svingane aust i Bergen onsdag føremiddag. Bilen hamna med hjula utfor kanten på eit stup.

Strøbilen kom like etter

– Det var klink is. Eg såg svingen og tenkte at her var det berre å koma seg opp att, men då var det for seint. Eg såg berre støypekanten forsvinna framfor meg, seier Skjelde, som tippar at stupet er minst femten meter høgt.

Kranbilføraren har køyrt ned brekka mange gongar. Aldri før har det vore så glatt, hevdar han. Fem minutt etter ulukka kom strøbilen.

– Eg klarte ikkje stå på beina då eg kom ut av bilen. Fleire eg trefte hadde ikkje rekt toget fordi dei ikkje kom seg ned med bil.

Lastebil på kanten på Trengreid

MÅTTE STENGA: Kranbilen han fast i støypekanten då mannskap drog bilen unna. – No er det slutt, tenkte sjåføren.

Foto: Bane NOR

– Kunne blitt hakket verre

Ifølgje pressevakt i Bane NOR stengde mannskap sporet fordi det var fare for at lause steinar ville falla ned på sporet.

– Me har mannskap på staden som tek seg av lause steinar i skråninga. Men ein ser at det ikkje skulle så veldig mykje meir til før oppryddingsjobben ville vore hakket verre, seier Olav Nordli.

– Me er glad at dette gjekk så bra det som det gjorde. Det hadde nok gått mest utover lastebilen hadde denne treft skjenegangen.

Hang fast i støypekanten

Skjelde køyrde sjølv kranbilen på verkstad for hjulkontroll. Støytfangaren hang fast i støypekanten då lastebilen vart taua vekk. Trass hendinga tek sjåføren det heile med stoisk ro.

– Dette var så nære på som det kunne bli. Eg har vore borti slike situasjonar før, men eg visste godt kor høgt det var, fortel Skjelde.