Hopp til innhold

Dette er alt som er att av Eirik sin Lamborghini

Sportsbil til 1,2 millionar kroner vart slukt av flammane i kraftig garasjebrann i Bergen.

Utbrent Lamborghini i garasjeanlegg i Bergen

ALT SOM ER ATT: Fleire bilar gjekk tapt i den kraftige brannen i Bergen i går. Den aller dyraste kan du her skimta nakkestøttene og sportsseta på.

Foto: Anders Ekanger / NRK

– Det er berre oske igjen, konstaterer Eirik Kråkevik til Bergensavisen.

Den faglege leiaren ved Fyllingsdalen trafikkskole i Bergen fekk tysdag ettermiddag ein lei telefon på ferie i Spania.

Skulen sin Lamborghini Gallardo (2004-modell) stod nemleg parkert i garasjeanlegget som tok fyr i Hetlevikåsen i Loddefjord tysdag.

På bileta som NRK har tatt frå brannruinane kan ein tydeleg sjå dei to sportsseta og nakkestøtta på millionbilen, fullstendig utbrent i den brannråka garasjen.

Lamborghinien til Eirik Kråkevik før den brann opp

2004-MODELL: Slik såg Lamborghinien ut før den brann opp tysdag ettermiddag. Fagleg leiar Eirik Kråkevik ville bruke bilen til lærekøyring på trafikkskulen, men regelverket sette foten ned.

Foto: PRIVAT

1,2 millionar kroner opp i røyk

Eit større bustadområde ved Hetlevikåsen vart evakuert då det var fare for at to gassflasker i garasjeanlegget skulle eksplodera.

Ein skarpskyttar frå politiet skaut hol på flaskene og brannen vart meldt sløkt i 18-tida. Totalt var det fire bilar og ti garasjeplassar som gjekk tapt i brannen.

Kråkevik fortel til BA at hans Lamborghini er ein amerikansk modell og har ein prislapp på 1,2 millionar kroner.

– Det er trist. Bilen har ekstrem verdi, ikkje berre i kroner og øre, men den byrja å nærme seg eit samleobjekt. Den har også reklameverdi for trafikkskulen og emosjonell verdi. Det aller, aller viktigaste er at det brann ein stad der det ikkje er folk.

Stor brannutrykking til Hetleviksåsen i Bergen vest.

VIDEO: Det var kraftig brann i eit garasjeanlegg midt i eit bustadområde i Hetleviksåsen i Bergen. Foto: Alrik Velsvik

Ville bruke bilen i opplæring

Avisa har tidlegare skrive om Lamborghinien som Kråkevik har fått spesialmontert med eit ekstra pedalsett.

Han ville nytta den til lærekøyring på trafikkskulen, men regelverket sette ein stoppar for den draumen.

Før den vart forvandla til aske i går kveld, vart millionbilen nytta til premietur for elevar som bestod førarprøven.

Kråkevik har forsikring på bilen. Til NRK seier han at det kan bli aktuelt å kjøpe ny.

– Har ein først køyrd og eigd Lamborghini, er det ikkje nokon anna sportsbil som tel!

Kvifor det byrja å brenne i garasjeanlegget i går er framleis uvisst. Politiet vil starta sine undersøkingar på staden så raskt ruinane er kjølt ned.