Hopp til innhold

Ti garasjeplassar gjekk tapt i kraftig brann

BERGEN (NRK): Skarpskyttar frå politiet måtte skyte hol i to gassflasker, som gjorde at bustadområde vart evakuert.

Sløkking av garasjebrann i Loddefjord

Brannvesenet melde i 18-tida at brannen i garasjeanlegget var sløkt. Fire bilar gjekk tapt.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Klokka 19.24 melde politiet at gassflaskene som førte til evakuering av området rundt garasjeanlegget midt i eit bustadområde i Hetleviksåsen i Loddefjord i Bergen vest var destruert.

Det skjedde ved at ein skarpskyttar frå politiet skaut hol på flaskene. Skota blei avfyrt frå taket av ein brannbil.

– Det viste seg at gassflaskene var tømt gjennom prosessen. Dei er no tomme og utgjer ikkje skade. Folk kan returnere til husa sine som normalt, seier innsatsleiar Tordis Myrseth.

Evakueringa er avblåst, og bebuarane har byrja å returnere til området. Garasjeanlegget er framleis sperra.

Brann i garasjeanlegget sløkt

Brannvesenet melde i 18-tida at brannen i garasjeanlegget var sløkt. Men at det framleis gjekk føre ettersløkking på staden. Brannvesenet var framleis uroa for gassflaskene i garasjeanlegget.

– Det er framleis eksplosjonsfare og vi må først få kontroll på flaskene. Dei er ustabile og det blir jobba med å fjerne dei. Evakueringa vil halde fram, sa Helge Lund, vaktkommandør i Bergen brannvesen.

22 personar fekk helsesjekk etter å ha pusta inn røyk.

Stor brannutrykking til Hetleviksåsen i Bergen vest.

VIDEO: Det var kraftig brann i eit garasjeanlegg midt i eit bustadområde i Hetleviksåsen i Bergen. Foto: Alrik Velsvik

Evakuerte etter funn av gassflasker

Klokka 16.36 kom det melding om kraftig brann i eit garasjeanlegg midt i eit bustadområde i Hetleviksåsen i Bergen.

– Det skal vere rundt ti bilar i anlegget. Folk i området blir bedne om å gå vekk, medan folk bør lukke dører og vindauge inntil vidare, seier Lund, vaktkommandør i Bergen brannvesen.

Det skal vere gassflasker med oksygen og acetylengass på staden.

– Vi evakuerer difor eit område på 200 til 300 meter då det er eksplosjonsfare, seier Lund.

Brannvesenet forsøker å skjerme eit hus, som er i nærleiken av garasjeanlegget. Dei driv på med sløkkingsarbeid, men må halde seg litt på avstand på grunn av eksplosjonsfaren. Brannvesenet har fått

Sølvi Hassel

Sølvi Hassel bur like ved garasjeanlegget.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Redd for huset

– Eg er redd for huset mitt. Eg er redd for at flaskene kan eksplodere og at brennande ting kan kome mot huset mitt, seier Sølvi Hassel som nærmaste nabo til garasjeanlegget.

Ho var inne i stova og høyrde at det small fleire gongar.

– Då eg gjekk ut såg eg den svarte røyken som kom mot huset mitt, og eg forstod ikkje kva som skjedde, seier Hassel.

Både politiet og brannvesenet har oppmoda bebuarar i området om å lukke vindauge, dører og slå av ventilasjonsanlegg. I tillegg til å halde seg innandørs.

NRK sin reporter på staden seier at kraftig svart røyk veltar ut frå området, og at det smell stadig.

Brann i garasjeanlegg i Loddefjord