Normal

Vegvesenet brukte 15 mill. på app som allereie finst

Dei siste fire åra har Statens vegvesen arbeidd med å utvikla ein app som skal få fleire til å køyre bil saman, såkalla samkøyring. Men appen har vore på marknaden i fleire år.

HentMeg

HentMeg: Denne appen skal sørgja for at fleire køyrer saman istaden for å ta to bilar. Statens vegvesen har brukt fire år og 15 millionar kroner på appen som allereie finnast.

Foto: NRK

– Vi syns det var viktig at også Statens vegvesen kan tilby ein slik app, dei andre liknande appane er utanlandske og det var vanskeleg å gjere endringar, fortel sjefsingeniør i Statens vegvesen, Sigmund Riis til NRK.

Appen som er utvikla av Statens vegvesen heiter HentMeg, og skal føre til at fleire nyttar seg av samkøyring. Ved å bruke appen kan ein sjå om det er nokon i nærleiken som skal i same retning, og dermed køyre saman isatden for å ta to bilar.

riis

SIGMUND RIIS: Statens vegvesen har brukt dei fire siste åra og 15 millionar kroner på appen HentMeg.

Foto: NRK

Mange ledige stolar

Statens vegvesen har brukt dei fire siste åra og samla 15 millionar kroner på å utvikle appen. Riis seier det er eit aukande behov for eit slikt tilbod.

– Det er ti gongar så mange tomme passasjerseter i bilar i rushtida som det er menneske som nyttar kollektivtilbodet i Bergen på same tid. Det seier det meste, fortel Riis.

– Kvifor ivra de for samkjøring?

– Vi vil ha samkøyring for å utnytte ein veldig stor ressurs. Appen er jo gratis og tilgjengeleg for alle, fortel Riis.

Finnast allereie

Statens vegvesen er ikkje dei første som er ute med tilbodet og appen for samkøyring. Tilsvarande appar har vore tilgjengeleg i utlandet i fleire år.

– Kvifor måtte de utvikle eigen app når det allereie finnast?

– Vi syns det er ein fordel med ein eigen app for å sleppe å søke til utanlandske eigarar for å gjere endringar og forbedringar på appen. Det tek for mykje tid, hevdar Riis.

amilie

SAMKØYRINGSAMBASSADØR: Kristian Amilie har arbeidd lenge for at fleire skal nytte seg av samkøyringsappen.

Foto: NRK

Vil endra folk sine vanar

Kristian Amilie frå Bergen har lenge brukt appen for samkøyring og han har jobba hardt for å få andre til å gjere det same.

– Eg er nok det ein kan kalla ein samkøyringsambassaør. Det er avgjerande at flest mogleg brukar appen for at den skal fungere for flest mogleg, seier Amilie.

Ris seier at dei har hatt nokon utfordringar i forhold til å få folk til å byrja å bruke appen.

– Det er jo mange som ikkje vil ha framande inn i bilane sine, og mange er engsteleg for å gå inn i andre sin bil, seier Riis.

Dei som har appen blir regsitrert med ei viss mengd informasjon, så det skal vere trygt å benytta seg av tilbodet seier han vidare.

– Vi meiner sjølv at dette er sikrarare enn mange andre tilbod i kollektivtrafikken. Dessutan er det tryggare enn å setje seg inn i ei drosje med ein vilt framand person, seier Riis.

Sjå korleis det gjekk då søsknene Peder og Karen Johanne Jøsendal konkurrerte om kven som kom seg kjappast frå Slettebakken til Bergen sentrum – ho på el-sykkel, han med samkøyringsapp.

Peder Jøsendal og Karen Johanne konkurrerer med mobilapp og el-sykkel.

Gjett hvem som kom seg kjappest til by'n