Jondalstunnelen og Folgefonntunnelen har gjort vegen mellom Bergen og Odda kortare og betre. Reisetida på strekninga er 40 minutt raskare enn før, og trafikken har auka kraftig.
No viser det seg at bompengefinansierte Jondalstunnelen blir nedbetalt tidlegare enn berekna.
Likevel kan bilistane bli nøydde til å fortsette å betale. Tunnelselskapet vil nemleg ha inn meir pengar.
Årsaka er at det vesle vegstykket mellom tunnelane framleis er ein flaskehals, som fleire ønsker skal utbetrast.
Rasfarleg og smal
– Det er det ein kan kalle ei berg- og dalbane der. Den er smal og ikkje rassikker, seier Toralf Mikkelsen, styreleiar i Jondalstunnelen AS.
– Det beste ville jo vore å få ein tunnel her, meiner han.
Vegstykket ligg mellom Austrepollen og Nordrepollen i Kvinnherad. Her bur Sverre Øvrehus. Han ser stadig trailerar som slit med å komme seg forbi svingar, og å passere kvarandre.
– Den svingen er veldig dårleg. Det er mange trailerar som tek rekkverket her, så noko må gjerast, seier Øvrehus.
Tunnelselskapet vil at meir bompengar skal finansiere bygging av ein tunnel på om lag 3 kilometer ved flaskehalsen.
Det vil også Odda kommune og Jondal kommune. Dei er saman med Kvinnherad medeigarar i tunnelselskapet. Men Kvinnherad-ordføraren går ikkje med på forslaget.
Tenker mest på eigen kommune
– Vi har brukt betydelege beløp på den vegen og gjort store inngrep i naturen i området, seier ordføraren i Kvinnherad, Peder Sjo Slettebø.
– Etter mi oppfatning er ikkje vegstandarden mellom Austrepollen og Nordrepollen så dårleg at det krev ein heilt ny tunnel.
Slettebø meiner det i staden er relativt små tiltak som skal til for å gjere dette til ein tryggare veg enn det er i dag. Han er dessutan skeptisk til om bompengar åleine vil vere nok til ein ny tunnel, og meiner prioriteringar gjer at ein må sei nei til somme forslag.
– Det vi har sagt no er at det viktigaste for Kvinnherad er at vi får utbetra vegen mellom Åsnes og Folgefonntunnelen, seier Slettebø.
Han meiner det er viktig at kommunestyret står ved prioriteringane dei har gjort.
– Eg skal sjå reknestykket før eg slår meg til ro med at alt lar seg løyse med bompengar. Det er eg slett ikkje sikker på, seier Slettebø.
Odda-ordføraren er ikkje eining. Han håpar Slettebø kan tenke på meir enn eigen kommune.
– Eg tenker som dei fleste andre at dette vegpartiet treng ei tunnelløysing, seier Roald Aga Haug, ordførar i Odda.
– Dette er eit prosjekt som ikkje kjem til å koste Kvinnherad noko, så eg håpar Kvinnherad også tenker regionalt, seier han.