NRK Meny

Kvinne savnet i Sund

  • Held fram søket med full styrke

    Søket etter den 62 år gamle kvinna som er sakna i Sund fortset med full styrke utover kvelden. Det vert no leita i området rundt Kolltveitmarken. Politiet, Røde Kors, Sivilforsvaret og Norske Redningshunder deltar i søket, og det vert sett inn fleire ressursar etter kvart.

  • Startar nye søk

    Leitemannskap har nettopp hatt vaktavløysing, og begynner å søkja på nytt no. No gjer dei nye søk rundt busstoppet sør for Kolltveittunellen, kor den sakna kvinna mest sannsynleg har gått av bussen for å gå tur. – Me har mannskap frå Røde Kors, Norske Redningshunder og sivilforsvar med oss i søket i dag, seier innsatsleiar Synnøve Malkenes.

  • Mannskap i leiteaksjon erstatta

    I natt har mannskap frå sivilforsvaret assistert politiet i søket etter den sakna kvinna i Sund. Dei blir dimittert i morgontimane og erstatta av mannskap frå fleire avdelingar, skriv Hordaland sivilforsvarsdistrikt.