Hopp til innhold

Kvinne funnen død på Sotra

Politiet trur den døde er den sakna kvinna i 60-åra.

Røde Kors-bilar

PÅ LEIT: Mannskap frå mellom anna Røde Kors, Norske Redningshunder og Sivilforsvaret har assistert politiet i søket etter den sakna kvinna frå Sund. Fredag kveld vart ein død person funnen i kommunen.

Foto: John Nøstdal / NRK

Store redningsstyrkar har sidan torsdag søkt etter ei kvinne i slutten av 60-åra, som blei meldt sakna i Klokkarvik i Sund onsdag kveld.

Pårørande er varsla

Fredag kveld har leitemannskap funne ein død person på vestsida av Skjærgardsvegen ved Kolltveit.

– Avdøde er formelt ikkje identifisert, men politiet har grunn til å tru at dette er kvinna me har leita etter, seier operasjonsleiar Vibeke Næss i Vest politidistrikt til NRK.

Familien til den sakna kvinna er varsla om funnet.

– Har politiet ei meining om kva som har ført til dødsfallet?

– Nei, det er det for tidleg å seia noko om.

Politiet mistenker ikkje at det har skjedd noko kriminelt.

Leter etter kvinne i Sund

FUNN PÅ ANDRE DAG: Innsatsleiar Synnøve Malkenes hadde ansvaret for søket i Sund kommune fredag føremiddag. Fredag kveld fann politiet det som truleg er den sakna kvinna i 60-åra.

Foto: John Arnt Nøstdal / NRK

Funn etter nytt finsøk

Det var frivillige frå Røde Kors som fann den døde kvinna i Sund.

– Mannskapet fann først gjenstander som tilhøyrte kvinna før ein vidare fann kvinna i tilknyting til eit vatn, seier Kent Eivind Vorland, leiar for Hordaland Røde Kors Hjelpekorps.

Nærare 60 frivillige frå Røde Kors deltok i søket fredag. Sivilforsvaret stilte med mellom 70 og 80 personar, og har saumfart det varierte og krevjande terrenget utan stans sidan leiteaksjonen blei sett i gang. Kvinner og menn i heile bergensregionen blei beordra ut.

Leitemannskapa gjekk først grovt og breitt ut i håp om å finna den sakna i live, før ein seinare har gjennomsøkt fleire område på nytt.

– Det var eit langt grundigare søk som gjorde at ein gjorde funn i kveld, seier Vorland.

Store leitestyrkar

Onsdag kveld ved midnatt blei kvinna i 60-åra meldt sakna av familien. Kvinna skal sist ha blitt sett ved heimen sin i Klokkarvik.

Sidan har det gått føre seg ein stor leiteaksjon på land, i vatn og med helikopter. På Twitter takkar politiet frivillige og anna mannskap som deltok i leiteaksjonen.

Frivillige frå Røde Kors, Norske Redningshunder og Norsk Folkehjelp har delteke i søket. Teorien er at kvinna har falle eller slått seg i samband med at ho var på tur.

Norske Redningshunder

STOR LEITEAKSJON: Redningshundar har bidrege i søket etter kvinna.

Foto: John Nøstdal / NRK