Hopp til innhold

Kunne fått milliardstønad

Det planlagt gasskraftverket på Mongstad ville fått stor statsstønad som miljøprosjekt i EU.

Varmekraftverk på Mongstad
Foto: Illustrasjon: Statoil

Et EU-direktiv opnar for miljøstønad til gasskraftverk som har særleg god energiutnytting, også utan CO2-rensing.

Noreg kjem med tida også til å innføre direktivet.

Uforklarleg paradoks

EU-direktivet skildrar tilsvarande prosjekt som Mongstad som svært miljøvenlege, men i Noreg kan miljøkrav stoppe heile prosjektet i Nordhordaland.

Prosjektleiar Egil Sæl i Statoil meiner dette er et uforklarleg paradoks

- I Noreg får ein kanskje ein del krav til utslepp som gjer at eit så godt prosjekt ikkje let seg gjennomføre, medan ein i EU ser dette som eit av dei beste miljøtiltaka ein kan sjå for seg.

Ein miljøvinnar

Anlegget hadde vore ein miljøvinnar på kontinentet, også utan CO2-rensing, men Statens forureiningstilsyn (SFT) i Norge anbefalte altså eit krav om CO2-rensing frå første dag.

Olje- og energidepartementet vurderer no eit EU-direktiv som kan opne for økonomiske stønadsordningar til gasskraftverk med særleg god energiutnytting.

Seniorrådgjevar Pål Tore Svendsen i Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE) seier eit EU-direktiv kan opne opp for stønadsordningar.

- Den enkelte nasjon kan innføre verkemiddel for å fremje den type produksjon.

Burde jubla

I Statoil har Egil Sel ringt til mange EU-land for å høyra kva dei synest om slike kraftvarmeverk som dei planlegg på Mongstad - utan CO2-handtering

- Vi har funne ut at vi ville fått ganske monaleg stønad i åtte EU-land, mellom andre Spania, England, Tyskland, Nederland, Portugal og Austerrike.

Statoil vil ha endeleg svar frå regjeringa om utsleppsløyve knytta til klimagassen frå kraftvarmeverket på Mongstad innan 20. september.

Viss dei ikkje får svar i tide, eller får eit endeleg krav om CO2-rensing, vert prosjektet skrinlagt.

Statoil skulle gjerne sett at stemninga i Noreg vart smitta av entusiasmen i Europa:

- Dette burde ein etter vårt syn faktisk juble for. 

 Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå departementet.