Hopp til innhold

Kripos søker etter Monikas mobiltelefon

Dei mange oppringingane frå Monika Sviglinskaja til mora er eitt av dei ubesvarte spørsmåla etter dødsfallet. No vil Kripos finne telefonen til åtteåringen.

Søker etter Monikas mobiltelefon

SØKER: Rundt 15 frivillige frå Noregs Metallsøkarforeining søker på Berge på Sotra.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

Eit stort søk pågår laurdag på Berge på Sotra, ikkje langt frå heimen der åtte år gamle Monika Sviglinskaja blei funnen død i 2011, skriv VG.

– Me veit ikkje kva me kan finne på mobiltelefonen, og det er vanskeleg å seie kva den kan hjelpe med, men det vil vere eit viktig funn, seier Tor Kallmyr, etterforskningsleiar i Kripos.

BAKGRUNN: Monika (8) funnet død

Fann aldri mobiltelefonen

Arkivbilde av Monika Sviglinskaja som ble drept på Sotra i 2011

FANN ALDRI MOBILEN: Mobiltelefonen til Monika Sviglinskaja blei aldri funnen. I dag søker Kripos etter han på Sotra.

Foto: HANDOUT / NTB scanpix

Monika Sviglinskaja blei funnen død heime i Sund i 2011. Saka blei fyrst lagt bort, før den tidlegare sambuaren til mora i fjor blei sikta for å ha tatt livet av åtteåringen.

Den sakna mobiltelefonen har vore eitt av dei mange ubesvarte spørsmåla etter dødsfallet.

Det er registrert fleire ubesvarte oppringingar frå Monika (8) sin mobiltelefon til mora den dagen ho vart funnen død, på berre nokre få minutt.

Men då mora prøvde å ringe tilbake ein time seinare, fekk ho ikkje svar.

– Kan ligge gravlagt i jorda

Søk etter Monikas mobiltelefon på Berge

SØKER: Rundt 15 frivillige søker etter Monikas mobiltelefon.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

Laurdag søker 15 personar frå Noregs Metallsøkarforeining etter telefonen til åtteåringen.

– Me er veldig takknemlege for den frivillige hjelpa me får. Det er tre og eit halvt år sidan Monika blei funnen død, og mobiltelefonen kan ligge gravlagt, seier Kallmyr til VG.

Leiar i Noregs Metallsøkarforeining, Per Sibe, fortel at søket var hemmeleg, og at heller ikkje han var informert på førehand.

– Etter det eg har fått opplyst, er det kun folk frå Hordaland som er ute og søker, seier han til NRK.

LES OGSÅ: Spesialenheten bøtelegger Hordaland politidistrikt