Hopp til innhold

Rune erklært død - no vert det krevd ny etterforsking av legen

Statsadvokaten i Rogaland krev ny etterforsking av legen i Lasarus-saka på Stord.

Rune Alsaker

NØGD: Rune Alsaker er veldig glad for at statsadvokaten i Rogaland no krev ny etterforsking av legen.

Foto: Tim Wassmo / NRK

Legen og ambulansefolka trudde at 37 år gamle Rune Alsaker frå Stord var død. Men då familien skulle ta farvel, oppdaga dei at han rørte på seg.

Saka blei fyrst lagt bort av politiet, men no har statsadvokaten i Rogaland kravd ny etterforsking av legen, skriv Avisa Sunnhordland.

– Vi synest at dette er ei riktig avgjerd, seier advokaten til Alsaker, Paul Christian Rynning.

Ikkje alt er avklart

– Det er framleis spørsmål som ikkje er avklart. Det er alvorleg når helsepersonell kan ta avgjerd på eit sviktande grunnlag, seier Rynning.

Han trekk fram at rutinar med kontroll med displayet på hjartestansaren må vere i orden.

– Det er viktig å få klarlagt rutinar som ikkje fangar opp ei tilstand som viser liv. I Alsaker sitt tilfelle meiner vi at hjelpa vart avslutte trass i at det var livsteikn, seier Rynning.

Kjempa for å bli trudd

Den utrulege historia til Rune Alsaker skjedde for to år sidan. 19. januar 2013 fekk han eit kraftig hjarteinfarkt heime i sin eigen leilegheit. Ambulansen kjem på plass etter nesten 20 minutt. Det blir bestilt luftambulanse frå Bergen.

Gjenopplivinga går føre seg i 40 minutt. Ambulansepersonellet gir Rune åtte elektriske støyt for å få han i live igjen. Men til slutt tar legen avgjerda om å avslutte opplivinga. Han erklærer 35-åringen død, og luftambulansen blir avbestilt like før den skal lande på Stord.

Ein time seinare kjem foreldra til Rune fram. Då vaknar han til live igjen. Familien har blitt kjempa for å bli trudd sidan den dramatiske natta vinteren 2013.

To gongar tilsynssak

Fylkesmannen vart varsla av Helse Fonna om hendinga. Først vart det konkludert at avgjerda om å avslutte behandlinga av 35-åringen var forsvarleg. Men hausten 2014 oppretta Fylkesmannen nok ei tilsynssak, og då konkluderte dei med at legen handla uforsvarleg.

– Veldig glad

At statsadvokaten i Rogaland no krev ny etterforsking av legen er Alsaker veldig glad for.

– Alsaker synest det er veldig tryggande å sjå at systemet verkar slik at ein kan ta opp og rette på feil som er gjort og sjå på ting på ny, svarar Rynning for Alsaker.

– Dette er ei viktig sak og han føler no at samfunnet tar dette på alvor, legg Rynning til.

Rynning håpar no at dei ansvarlege er audmjuk over handlemåten, og at Alsaker og familien får ei årsaking for det som skjedde.

– Det er viktig at dei ansvarlege faktisk tar ansvar for ein feil som ikkje skulle skjedd, seier Rynning.