Hopp til innhold

Køyrde av vegen i Birkelundsbakken

Klokka 06.55 fekk naudetatane melding om at ein bil hadde køyrt av vegen i Birkelundsbakken i Bergen. Ei kvinne i 20-åra er sendt til Haukeland sjukehus. Politiet opplyser at skadeomfanget er uvisst. Bilen har fått store materielle skader.