Hopp til innhold

Vossajazz held konsert for brannofra

– Me kjem jo frå ei bygd sjølv. Då gjer det kanskje endå større inntrykk å sjå korleis ein vert ramma av ein slik brann, fortel dagleg leiar i Vossajazz, Trude Storheim.

trude storheim

INIATIVTAKAR: Dagleg leiar for Vossajazz, Trude Storheim, er ein av initiativtakarane for konserten. Ho fortel at heile Voss har ynskja å gjere noko for dei som vart råka av brannen.

Foto: Vidar Herre

Idrettslagshuset etter brannen i Lærdal

ØYDELAGT I STORBRANN: Ein av mange bygningar som ble totalskadd i den voldsomme brannen i Lærdal.

Foto: Jan Erikstad

I helga arrangerer innbyggjarane i Voss konsert for å støtte dei som vart råka av brannen i Lærdal.

Ei musikalsk helsing

Storheim fortel at det ikkje var vanskeleg å samla folk om å gjera noko for innbyggjarane i Lærdal.

– Voss er jo ei kulturbygd på lik linje med Lærdal. Difor tenkte me at det vart naturleg med ein konsert. Dette er ei musikals helsing til dei som vart råka av brannen, fortel Storheim.

Ho seier det er mange som har stilt opp for å arrangere konserten og at det er tydeleg at mange ynskjer å gjera noko for brannofra.

– Dette er frå heile Voss til Lærdal.

Øyremerkt borna

I tillegg til at billettinntektene går uavkorta til tiltak i Lærdal vert det også mogleg å sette pengar inn på ein konto.

Kontonummeret er 9581.13.35615.

– Midlane skal gå til aktivitetsskapande tiltak for born og unge i Lærdal fortel Storheim. Det trur eg vert viktig framover.

Konkret kva pengane skal gå til er førebels ikkje heilt klart.

– Det kjem an på kor behovet ligg, fortel Storheim.

– Alle har sagt ja

Linda Eide

LINDA EIDE: Ho er ein av mange artistar som stiller opp gratis for å samla inn pengar til brannofra.

Foto: NRK

Iniativtakaren fortel at alle artistane som har blitt spurt om å vera med har sagt ja, og at alle stiller opp gratis.

– Responsen har vore overveldande. Det kjem både artistar frå Voss og Sogn og Fjordane.

Og det er ei lang liste med artistar som er med. Mellom anna kjem Linda Eide, Håkon Høgemo, Einar Mjølsnes, Twang Gang, Vossa Rebels, Berit Opheim og Bendik og Einar.

– Her er det noko for alle, eg håpar at både unge og gamle får med seg konserten.

Konserten blir på sundag klokka 18.00 i Voss kulturhus.