Hopp til innhold

Lange bilkøar gjev befolkningsboom

Køane på Sotra-brua er ei medverkande årsak til at Øygarden og Fjell er mellom kommunane med størst vekst i Hordaland. – Mange flyttar for å sleppe å bakse i køen over brua, seier Ronny Heufe, prosjektdirektør på CCB-basen.

Trafikken står i stampe på Sotrabrua

KØ: Køane over Sotrabrua er ei medverkande årsak til at Øygarden kommune opplever ei befolkningsvekst, seier skulesjef i Øygarden, Øyvind Strandheim.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden

På Toftøy skule i Øygarden kommune har ein måtte ty til brakkeløysingar for barna som skal starte på skulen frå 18. august. Årsaka er at det plutseleg var rekordmange barn som ville gå i barnehagen i Øygarden kommune.

– Det var veldig overraskande. Ut ifrå adresselistene så viser det seg at det er folk som er på veg inn i kommunen, seier skulesjef i kommunen, Øyvind Strandheim.

I stor vekst

Øygarden er den kommunen i Hordaland som er i størst vekst. Her bur det no 3,1% fleire, enn for eit år sidan.

– Kvifor skjer dette etter at øykommunen i mange år ikkje vaks i det heile?

– Det kan ha med kommunikasjonen over Sotrabrua å gjera. Ein del vel kanskje å heller busetja seg på Øygarden om ein har jobb i dette området, enn å dagpendla, seier Strandheim.

LES OGSÅ: Lange køar vest for Bergen - Hordaland

Lågare prisar og god tilgang til bustadar

Mange av tilflyttarane jobbar på det stadig veksande industriområdet på Ågotnes, rett over kommunegrensa til Fjell. Her opplever prosjektdirektør Ronny Heufe på CCB-basen at mange av kollegaene hans prioriterer kort avstand til arbeidsplassen.

– Tilgangen til bustadar er veldig god i Øygarden. Og prisnivået er sjølvsagt lågare, seier Heufe.

Han trur som Strandheim at mange flyttar fordi dei er lei av å bakse i køen på Sotra-brua.

– Dersom ikkje rush trafikken over Sotrabrua blir gjort noko med, så kan det føre til at fleire vel å etablere seg her ute, meiner Heufe.

I Øygarden vil dei gjere mellombels barnehageplassar permanente. Dei er førebudde på å halde fram som vekstkommune.

– Folk er svært velkomne. Me gler oss over veksten, seier Skulesjef Øyvind Strandheim.

LES OGSÅ: Mandag blir det køer fra Sotra - Hordaland