NRK Meny
Normal

Knallstart for hyttene i påskefjellet

Mange har tatt fjellet i bruk i palmehelga. Nokre av hyttene til turistforeningen har hatt dobbelt så mange besøkande som i fjor.

Geiterygghytta i Skarvheimen i mars 2015

GODT BESØKT: Geiterygghytta i Skarvheimene er ein av fleire turisthytter som har hatt godt besøk denne palmehelga. Dette biletet er tatt av ein instagrambrukar tidlegare i mars, og er merka med emneknaggen #utno.

Foto: INSTAGRAM/@ORCHESSA

– Det er veldig gledeleg med så mykje besøk, seier Jan Eira til NRK.

Han er styrar på Geiterygghytta i Skarveheimen, 1230 moh. Samanlikna med i fjor har han hatt 157 % fleire besøkande i løpet av palmehelga.

– Og spesielt ser me at det er mykje ungdom som vil gå på ski i fjellet. Det er nok ein trend, held Eira fram.

Travel palmesøndag

Finsehytta

Finsehytta

Foto: Anne Jørgensen/DNT

Spesielt på palmesøndagen kan både Geiterygghytta og hytta på Litlos vise til gode besøkstal. Der Geiterygghytta hadde 26 besøkande i fjor, var 89 skiglade innom i går. Også på Litlos hadde dei ein kraftig auke frå 2014.

I går hadde dei 81 besøkande, mot 20 i fjor.

– Det er sjølvsagt veldig kjekt, sjølv om rekorden er på over 150 på palmesøndagen, seier styrar Jarle Viskjer.

For Finsehytta sin del var den største auken på fredag og spesielt laurdag, medan palmesøndagen var noko mindre besøkt i år enn i fjor.

  • Sjå statistikken i faktaboksen til høgre.

Vêret får æra

Både Eira og Viskjer viser til vêret når dei skal forklara den gode starten på påsken, samanlikna med i fjor.

– Vi hadde veldig dårleg vêr i fjor, medan i år har det vore mykje betre. Men vêrmeldingane meiner eg likevel har øydelagd litt i år. Dei har vore dårlege, og så har det vist seg å ikkje stemma, seier Viskjer.

– Fleire vatn byrja å opne seg i fjor, så forholda for å gå skiturar var ikkje dei beste. Men i år er det altså betre, og vi har hatt ein knallstart, seier Eira på Geiterygghytta.

Jarle Viskjer gler seg likevel over at talet på besøkande på Litlos tok seg kraftig opp i går, og at det ser ut til å halda seg framover.

– Vi har jamn trafikk også i dag, og vi plar å ha god trafikk i påskehelga også. Så det er veldig kjekt.

Melder sol frå skjærtorsdag av

Meteorologane melder om noko ustabilt og skiftande vêr dei neste dagane, men frå torsdag av rår dei folk på Vestlandet om å ta fram solkremen.

– Bur du sør for Stad og Dovre ligg forholda til rette for sol og fine turar. Det ser veldig bra ut for Sør-Norge sin del, fortel meteorolog Aurora Stenmark.

Siste video

Programleder er Mariann Reikerås
.....på kaien ventet familien.
Aksjon mot det politiet mener er asylsøkere som har oppgitt feil hjemland. Se sendingen med programleder Jan Børge Leirvik.