Dei skal forsvare Hordalands ære i Klassequizen

Strandebarm skule og Hop oppveksttun vant fylkesfinalen i Klassequizen i Hordaland, og kan vinne heile konkurransen. 47 skular melde seg på Klassequizen i Hordaland i år.

Strandebarm skule vann Klassequizen 2019

VINNARAR: Strandebarm skule fekk ti av tolv poeng og blei fylkesmeistrar i Klassequizen.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Strandebarm skule trekte det lengste strået og fekk ti poeng i fylkesfinalen i Klassequizen i Hordaland.

Men to lag skulle vidare, og det blei ein nervepirrande finale med ekstraspørsmål for å avgjere andreplassen.

Fem spørsmål måtte til for å skilje Hop oppveksttun og Øygarden ungdomsskule. Til slutt var det Hop som stod att.

13. mars er det fylkesfinale i Klassequizen 2019. Fire lag frå fire ulike skuler kjempar om to plassar til landsfinalen i Oslo, 13. april.

13. mars er det fylkesfinale i Klassequizen 2019. Fire lag frå fire ulike skuler kjempar om to plassar til landsfinalen i Oslo, 13. april.

Dei blei spurde i kategoriane naturfag, sport, underhaldning og historie. I sportskategorien høyrde skiløpar Sjur Røthe deltakarane i deira idrettskunnskapar, medan artisttalentet Iris ville vite svara i underhaldningskategorien.

Dei to vinnarlaga skal reise til Oslo for å delta i landsfinalen 13. april. Finalen går på NRK1.

– Fem lag i veka

Ein finaleplass er ikkje gale i seg sjølv, då 47 lag stilte til årets Klassequiz. Frå kvar klasse har tre elevar vore valde til å representere skulen.

I innleiande rundar har klassene fått totalt tolv spørsmål, tre spørsmål i fire ulike kategoriar. Dette skjedde og i finalen, der dei fire laga konkurrerte om å få flest poeng.

På førehand var det venta sterk konkurranse.

– Eg forventar at det blir veldig jamt. I innleiande rundar fekk tre av laga elleve poeng, og det fjerde fekk ti, sa programleiar Marte Rommetveit før det heile starta.

– Vi er spente, sa programleiar Lene Granli.

Klassequizen i Hordaland 2019

Ungdomsskole

Sendedato

Poeng

Meland

7/1

5

Knarvik

7/1

5

Rothaugen

9/1

2

Foreningen Danielsen u.skole Bergen

9/1

8

Skånevik

11/1

3

Bremnes

14/1

8

Hillestveit

14/1

8

Nysæter

16/1

7

Stord

16/1

9

Nattland

18/1

9

Tranevågen

21/1

9

Øygarden

21/1

11

Lynghaug

23/1

6

Kjøkkelvik

23/1

9

Stiftelsen Montessoriskolen Bergen

25/1

8

Øyatun

28/1

6

Rosendal

28/1

9

Radøy

30/1

9

Lindås

30/1

8

Ortun

1/2

6

Osterøy

4/2

9

Dale

4/2

9

Lægreid

6/2

11

Brakanes

6/2

6

Matre

8/2

8

Ytrebygda

11/2

8

11/2

10

Rimbareid

13/2

10

Austevoll

13/2

10

Ravnanger

15/2

7

Fjell

18/2

8

Sund

18/2

8

Jondal

20/2

8

Strandebarm

20/2

10

Rossland

22/2

10

Hop

25/2

11

Skranevatnet

25/2

8

Hauso

27/2

9

Kinsarvik

27/2

8

Granvin

1/3

9

Røldal

4/3

6

Odda

4/3

7

Vossestrand

5/3

9

Nore Neset

6/3

8

Samnanger

6/3

7

Fusa

8/3

8

Sveio

11/3

9

Rett over nyttår starter Klassequizen opp igjen. Selda Ekiz leder den nasjonale finalen.

LEIAR FINALEN: Også i år er det Selda Ekiz som leiar dei nasjonale finalane som blir sendt på tv frå 13. april.

Foto: Ole Kalland / NRK