Katten Crunchie blei funnen hengt i Hans Holmboes gate for eit par veker sidan. Katten Mary blei funnen hengt på Minde.
- Kunne ha redda 60 kattar for dusøren
Dette har opprørt mange, og 56 000 kroner er samla inn i dusør til den som oppklarer dyretragediane.
- Eg trur ikkje at ein dusør vil oppklara denne saka. Gjerningsmannen vil kanskje vedgå drapa, og krevja inn pengane sjølv, seier Haldis Quale, leiar i Dyrebeskyttelsen i Hordaland.
Ho trur korkje kattedusør vil oppklara saka eller hindra kattetragediar i framtida.
- For den dusøren kunne me ha redda 60 kattar, fortel ho.
Kattevener mot kattevener
Det er dyrevennene i ein heilt annan organisasjon, Dyrebeskyttelsen Bergen, som formidlar dusøren.
Nestleiar Marianne Thompson vil ikkje bruka pengane på nokon annan måte.
- No har me fått desse pengane frå publikum, og det er oppklaring av kattedrapa dei vil me skal bruka pengane på, presiserer ho.
Politietterforskning
Dyrevernarar i to organisasjonar vil det beste for kattar, men kva er eigentleg best?
- Desse sakene har i alle fall fått mykje merksemd, og det har ført til at politiet har byrja etterforskning, seier Thompson i Dyrebeskyttelsen Bergen.
- Me skulle helst sett like stor givarglede til alle dei heimlause kattane me plukkar opp. Desse tragediane er minst like store som desse to kattedrapa, avsluttar Haldis Quale, leiar i Dyrebeskyttelsen i Hordaland.