Hopp til innhold

Katastrofemåling for SV

- Bergen SV må vurdere å byte ut politikarane, meiner valforskar.

Oddny Miljeteig (SV)

SV ligg an til å få ei oppslutting på 3,9 prosent. Dei vil då gå frå 5 til 3 bystyrerepresentantar.

Foto: NRK

SV går kraftig tilbake på ei ny meiningsmåling Respons Analyse har gjort for NRK Hordaland og Bergens Tidende.

Partiet får ein oppslutnad på bare 3,9 prosent og ligg an til å gå frå fem til tre bystyrerepresentantar til hausten.

- Dramatisk

Listetopp for SV i Bergen, Oddny Miljeteig, ser mørkt på dei fire neste åra dersom meiningsmålinga står seg til valdagen.

- For oss som har fem representantar i dag, er det klart det er dramatisk å miste to, og det er dramatisk for dei sakene som SV jobbar for, seier Miljeteig.

PARTIBAROMETER FOR KOMMUNEVAL BERGEN AUGUST 2011

PARTIBAROMETER FOR KOMMUNEVALG

 
Parti

Kommune-
valet
2007

Stortings-
valet
2009 

Respons
april
2011

Respons
mai
2011

Respons
juni
2011

Respons 19. aug
2011

Respons
26. aug
2011

Rødt

4.5

3.3

4.5

3.5

2.2

2.7

2.4

SV

7.1

7.0

5.6

7.1

6.0

5.7

3.9

Ap

23.9

31.6

26.1

25.7

27.1

28.9

29.9

Sp

2.8

2.9

1.7

0.7

2.1

1.7

1.4

Venstre

5.8

5.4

7.7

6.8

6.7

6.5

6.9

 KrF

6.3

 5.5

3.3

5.0

3.1

6.2

5.5

 Høgre

26.3

 22.7

35.9

35.0

39.3

32.3

33.8

Frp

20.2

20.2

14.3

15.6

11.5

13.1

13.9

Pp

1.2

0.3

0.5

0.0

1.4

1.0

0.3

MDG

0.8

0.5

0.2

0.6

0.2

0.7

0.9

Andre

1.1

0.6

0.3

0.0

0.4

1.2

1.1

Ekspander/minimer faktaboks

Skuldar på regjeringa

Miljeteig meiner SV si rolle i regjeringa må ta mykje av skulda for at lokalpartiet i Bergen slit med oppslutnaden.

- Eg ser at regjeringsslitasje kan ha noko med dette å gjere, så eg må be veljarane hugse på at dette er eit lokalval.

Trur du at årsaka kan vere konkrete saker i Bergen?

- Det klarer eg ikkje å sjå. SV gjer det ikkje bra på landsplan, og me går med i dragsuget.

- For smale

Hilmar Mjelde

Hilmar L. Mjelde trur Byluftslisten stel veljarar frå SV.

Foto: Privat

Hilmar L. Mjelde, stipendiat ved instituttet for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, trur SV lokalt slit med mykje av det same som SV nasjonalt.

- Sv er, lokalt som nasjonalt, eit smalt parti. Det er miljø og barnehagar som er dei store SV-sakene. Og no har andre nye lister stole saker frå dei. Eg trur til dømes at dei misser veljarar til Byluftslisten no, seier Mjelde.

Dårlege politikarar?

Mjelde stiller òg spørsmålet om det kan vere andre ting enn sakene som gjer at SV slit i Bergen.

- I og med at desse målingane er så dårlege for SV, trur eg dei må spørje seg sjølve om politikarane deira er gode nok til å selje politikken, og om dei har nok veljarappell. Kanskje det er på tide å få inn nytt mannskap.

- Me må jobbe dag og natt

Miljeteig trur ikkje at SV-veljarane i Bergen bryr seg så mykje om kven som står på lista.

- Eg trur ikkje nødvendigvis at veljarane i Bergen er så personfokuserte, men eg trur dei ser meg i samband med kampen for sosial rettferd.

Med mindre enn to veker att til valet har Miljeteig og SV dårleg tid om dei skal snu målingane.

- Me kjem til å jobbe dag og natt med å få fram sakene våre, og så får me sjå om det gjev resultat på valdagen, seier Miljeteig.