Hopp til innhold

Kappast om EM-medalje i helga

7. og 8. juni er det duka for EM i rugby på Fana stadion i Bergen. – Me håpar å nå finalen, seier spelar Trude Olsen.

Til helga er det klart for EM i Rugby for kvinner på Fana Stadion i Bergen. Halvparten av landslagstroppen held til i Bergen. Saman med 11 andre lag, skal dei skal kjempe om OL-plass.

EIN UNG RUGBYNASJON: Rugby er endå ikkje ein folkesport i Noreg, men kanskje kan interessa auke etter EM i helga? Europameisterskapet vert arrangert på Fana stadion i Bergen.

7. og 8. juni brakar det laus på Fana stadion i Bergen. Europameisterskap i Rugby vert arrangert, og då er tøffe taklingar og harde tak ikkje til å unngå.

– At ein får blåmerker og slikt merkar ein ikkje medan ein er på bana. Men ein kjenner det etterpå, seier Trude Olsen i ein pause på treninga.

Ho er ein av spelarane som til helga skal kappast om EM-medalje i rugby.

– Det er fyrste gong me har noko som liknar på dette arrangementet i Noreg. Det hadde vore veldig kjekt om me gjorde det godt, seier Olsen.

LES OGSÅ: Norges rugbydamer: – Alt kan teipes - Sport

(Artikkelen held fram under biletet)

rugby EM

INNSPURT MOT HELGA: Kvinnelandslaget i Rugby, saman med trenar Scott Johnson.

Foto: Tim Wassmo / NRk

– Sporten passar nordmenn

Noreg er ein ung rugbynasjon, stadfestar trenar for landslaget, Scott Johnson.

– Noreg er heilt på grasrota i dette spelet. Me har få treningsanlegg, og du kan ikkje trene på vinteren på grunn av all snøen. Dette gjer at me får lita tid til å trene, men spelarane er verkeleg gira og entusiastiske.

– Slik sett passar sporten godt til nordmenn og kuturen her, meiner Johnson.

Trude Olsen er klar på kva ambisjonane for helga er.

– Målet vårt er å bli blant dei fire beste. Me håpar jo på å nå finalen, for då har me ein sjanse om å komme til OL i 2016.

Å komme lengst mogleg er kjekt, seier Johnson, men viktigast er det likevel at trenarane etter kampen kan seie at dei er fornøgde med sin eigen innsats.

– Så lengje me presterer bra og så lenge dei går av bana og kjenner seg stolte, er eg fornøgd.

Norges rugbylandslag 1

– HÅPAR Å NÅ FINALEN: Her er landslaget i aksjon under ein kamp i fjor. No håpar dei på å minst komme blant dei fire beste i EM.

Foto: Privat