Hopp til innhold

Den norske krigaren som vart skulda for å røva Kinas kunstskattar

Han var med på å velta den siste keisaren i Kina og skjenka Bergen 2500 kinesiske kunstskattar. Mange har meint at Johan Munthe òg var ein kjeltring.

Joahn Munthe i heimen sin i Beijing.

UNIFORM OG BART: Johan Munthe poserer karakteristisk i heimen sin i den kinesiske hovudstaden Beijing.

Foto: Ukjend / kode

– Det har vore mange spekulasjonar om at han var ein krigar og ein røvar. Eg meiner eg har belegg for å seia at han ikkje var det.

Det seier forfattar og tidlegare direktør ved Vestlandske kunstindustrimuseum, Jorunn Haakestad.

Ho snakkar om mannen som skaffa Bergen den berømte Kina-samlinga. Haakestad har gått mannen og mytane nøye etter i saumane.

Den berømte kunstsamlinga Munthe sørga for å få til Bergen er den største samlinga av kinesisk kunst i Noreg, og inneheldt over 2500 ulike kunstgjenstandar. I ei fersk bok gitt ut på Fagbokforlaget fortel Haakestad den fascinerande historia om mannen bak den karakteristiske barten.

Samlinga fekk mykje merksemd etter eit sjokkbrekk som vart fanga på kamera i 2013.

I boka «Porselen og revolusjon» skildrar Haakestad livet til nordmannen som vart generalløytnant i den kinesiske hæren. Bergensaren som vart rådgjevar for mannen som styrta det kinesiske keisardømmet og som skaffa seg fleire tusen kunstgjenstandar.

– Eg må vedgå at eg har fått stadig meir sympati for livsprosjektet til denne mannen, seier Haakestad.

Eit liv og eit livsprosjekt heilt utanom det vanlege.

Jorunn Haakestad ser på kinesisk porselen i magasina til Kode i Bergen.

HAR UTFORSKA MUNTHE: Jorunn Haakestad ser på ein av dei mange kinesiske porselensgjenstandane Munthe sende til Bergen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Skulpturane bak plastsløret

Nøklar vert vridde rundt. Gitter glir opp. Kodar vert tasta inn. Det vert ikkje tatt nokon sjansar med Kinasamlinga på Kode i Bergen lenger.

Vi er på veg for å sjå det aller mest spektakulære i samlinga.

Der inne stirar dei i mot oss, gjennom eit slør av plast. Eit 20-tals marmorskulpturar. Dei største er større enn fullvaksne menn.

Kinasamlinga i Bergen: Kinesiske buddhistiske marmorskulpturar pakka inn i plast.

BAK PLASTSLØRET: Dei store marmorstatuane står dekka over medan rehabiliteringa av museet vert fullført.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Figurane er så store at frekke kunsttjuvar kunne gløyma å få dei med seg.

Det er ikkje til å unngå at spørsmålet melder seg. Korleis kunne den mannsterke forsamlinga av buddhistiske marmorfigurar hamna i ein relativt liten by så langt borte?

Hadde mannen bak barten og den berømte Kinasamlinga fått bestemma, hadde dei heller ikkje vore her.

Tjuaguten som vart kinesar

Året var 1886 då den 22 år gamle bergensaren Johan Wilhelm Normann Munthe reiste til Kina, noko ein heil del unge nordmenn faktisk gjorde mot slutten av 1800-talet. Som så mange andre utlendingar fekk han jobb i det kinesiske tollvesenet i byen Tianjin.

I 1894 hamna Kina i krig med Japan, og Johan Munthe verva seg til teneste i den kinesiske hæren. Kampen stod om kven som skulle ha herredømmet over Korea.

– Han hadde militær utdanning frå Kristiania, og hjelpte til med å modernisera organiseringa av det kinesiske kavaleriet, seier Jorunn Haakestad.

Kinesarane og Munthe tapte krigen. Likevel gjorde bergensaren ein god figur, og kom i kontakt med krigsherren Yuan Shikai.

Shikai skulle etter revolusjonen i 1911 bli den første presidenten i republikken Kina.

Munthe vart i ei årrekkje støttespelar og rådgjevar for mannen som skulle komma til å velta det over 2000-år gamle Qing-dynastiet.

Då Yuan Shikai kom til makta, hadde Munthe allereie vorte utnemnd til kinesisk tenestemann.

Ein slik posisjon skulle eigentleg ikkje vera mogeleg for utlendingar. Bergensaren hadde på sett og vis vorte kinesar. Iallfall opplevde han det slik sjølv.

– Munthe var fullstendig lojal til Kina, og såg etter kvart på seg sjølv som kinesar.

Han vart generalløytnant i den kinesiske hæren og vart kommandant for politistyrken som skulle trygga dei utanlandske diplomatiske utsendingane i Beijing.

Ein av kinesarane: Johan Munthe saman med kinesiske militære

EIN AV KINESARANE: Johan Munthe (i kvit uniform) vart kinesisk tenestemann og generalløytnant i den kinesiske hæren.

Foto: Ukjend / KODE

– Utnytta situasjonen

Allereie då Munthe fekk sine første lønningar i Kina, starta han med å samla på kunsthandverk.

I starten var det porselen. Etter kvart skulle det bli så mykje meir.

Munthe i selskap med ein marmorskulptur

KUNSTEN OG SAMLAREN: Johan Munthe saman med ein kinesisk marmorskulptur.

Foto: Ukjend / kode

Dei gode kontaktane han hadde med den høgaste eliten i det kinesiske samfunnet, gjorde at han etter kvart fekk tilbod om å kjøpa store mengder kunstgjenstandar.

– Dei urolege tidene gjorde at mange utlendingar såg sitt snitt til å skaffa seg kinesisk kunst. På meir eller mindre lovleg vis.

Utnytta Munthe denne situasjonen?

– Ja, det gjorde han heilt klart. På den måten at han var i ein posisjon der han kunne få tilgang på store mengder kunst, seier Haakestad.

Men stal han kunst?

Det var mange som nytta seg av at det fleire tusen år gamle regimet vakla. Mange stal kunst. Det har vorte peikt på at Munthe òg gjorde det.

Før arbeidet med boka stilte Haakestad seg spørsmålet: Var Munthe og ein kunsttjuv?

Etter at Munthe i 1907 for siste, og einaste, gong besøkte Noreg, starta han med å senda kunstgjenstandar til Vestlandske kunstindustrimuseum i Bergen. Mottakar var den gode vennen og museumsdirektøren Johan Bøgh.

Han heldt fram med å samla, men etter at kona Georgine Arentz Nielsen døydde i 1916 slutta han å senda ting heim.

Etter at den militære karrieren var over, prøvde Munthe seg som forretningsmann. Han vart bankdirektør, med fullmakt til å signera eigne pengesetlar. Men etter kvart melde motgangen seg. Det andre ekteskapet hans gjekk ikkje så bra. Den politiske utviklinga i Kina gjekk ikkje slik Munthe ønska.

Noko snudde. Etter kvart opplevde at han ikkje var kinesar likevel. Då han ville selja huset sitt, fekk han streng beskjed om at han ikkje eigde huset. Berre kinesarar kunne eiga eigedom.

Motgangen heldt fram. Han prøvde å skaffa seg pengar ved å selja kunst, men det var ingen som ville kjøpa.

Ein av pengesetlane Johan Munthe signerte som bankdirektør.

SIGNERTE SJØLV: Ein av pengesetlane som Johan Munthe signerte som bankdirektør. Eit vikingskip prydar den eine sida.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Pøste kunst ut av Kina

– Til slutt valde han, nærmast i panikk, å pøsa kunst ut av Kina. Truleg delvis i frykt for at kunsten skulle verta øydelagt. Store mengder kinesiske kulturskattar var øydelagde på denne tida. Slik det ofte er når det er uro og krig, seier Haakestad.

Mykje av kunsten hamna i Bergen. Mytane har vore mange om Munthe. Mange har meint at han tuska til seg kunsten på uærleg vis.

Men arbeidet til Haakestad har vist at Munthe i langt større grad enn det ein tidlegare har rekna med, og var ein ivrig kunsthandlar.

Haakestad har funne dokumentasjon på at han selde kunst både til USA og til Japan.

Mange av dei største skulpturane skulle seljast til eit museum i California. Avtalen var enorm. For dei store marmorskulpturane skulle Munthe innkassera ein million dollar. Ei formue på den tida.

Frå Los Angeles til Vestlandet

– I om lag ti år stod statuane utstilt eit museum i Los Angeles, men etter kvart ombestemte museet seg. Dei ville ikkje kjøpa kunsten likevel. Mykje tyder på at dei dårlege økonomiske tidene etter børskrakket spelte inn, fortel Haakestad.

Mange år seinare fekk Vestlandske kunstmuseum, som i dag er ein del av Kode-musea i Bergen, nyss om den formidable samlinga med marmorstatuar.

Etter kvart vart dei frakta til Vestlandet.

– Dei er verkeleg eit høgdepunkt i samlinga, seier Haakestad.

Inne i det store rommet på Vestlandske kunstindustrimuseum, granskar ho dei mange statuane, gjennom det gjennomsiktige laget av plast.

Marmorskulpturane som Munthe ville selja til USA

EIN MILLION DOLLAR: Desse skulpturane, som i dag står på Kode i Bergen, skulle ha vorte selt til USA om Munthe hadde fått viljen sin.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Ventar på publikum

No står dei ruvande buddhistane og ventar på at Kinasamlinga skal opna igjen. Ei lang rehabilitering av museet er snart fullført og Kinasamlinga igjen skal visast fram.

Enkelte av skulpturane står framleis i kassane dei vart pakka inn i, då dei vart transportert frå USA. Har aldri vore opna.

Haakestad er styrka i overtydinga på at kunsten faktisk høyrer heime i Bergen.

Ho har ikkje funne eit einaste haldepunkt for at Munthe var nokon kunsttjuv, sjølv om ho har leita. For enkelte av sala Munthe gjorde med utanlandske museum, har ho til og med funne utførlege oversyn over kor mykje kunsten har kosta og kor mykje som er betalt i toll. Dette var ikkje vanleg praksis.

– Med bakgrunn i materialet mitt, er det ingenting som tyder på at Munthe var nokon røvar. Det herskar faktisk, slik eg ser det, ingen tvil om at kunsten høyrer rettmessig heime her på museet, seier Haakestad.

Jorunn Haakestad leitar etter nokre av kunstverka til Munthe i magasina på Kode

I MAGASINA: I kjellaren under Vestlandske kunstindustrimuseum er dei 2500 kunstverka Munthe samla, lagra. Her viser Jorunn Haakestad fram eit av dei mange måleria. Snart skal publikum igjen få sjå utstillinga.

Foto: Sølve Rydland / NRK