Isras trefte passasjertog på Bergensbanen: – Toget blei pepra frå alle sider

Eit passasjertog med 473 passasjerar blei treft av eit isras i Finsetunnelen på Bergensbanen. Fleire ruter blei knuste, men ingen er skadde.

Knuste ruter på Bergensbanen

KNUSTE RUTER: Fem ruter blei knuste på Bergensbanen då det gjekk eit isras i Finsetunnelen.

Foto: Christian Lura / NRK

– Ingenting unormalt med tunnelen, seier Bane Nor som har sjekka både togspor, veggar og tak søndag ettermiddag.

Fem ruter knuste

Eit passasjertog på veg frå Drammen mot Bergen blei treft av store mengder is i Finsetunnelen like før klokka 14.30 sundag ettermiddag.

Fem ruter på eit vognsett blei knuste, i tillegg førte raset til ein luftlekkasje på toget.

– Eitt vindauge blei også sokke inn. Me har flytta passasjerane frå vogna der det skjedde og stengd av deler av vogna, seier pressevakt i NSB, Nina Schage.

– Høyrdest ut som me køyrde inn i eit ras

Det var 473 reisande om bord då raset trefte toget. Ingen blei skadde, opplyser pressevakta.

NRK-journalist Christian Lura sat om bord i toget. Han omtalar hendinga som dramatisk.

– Det høyrdest ut som me køyrde inn i eit ras. Toget blei pepra frå alle sider med det som høyrdest ut som stein.

Han fortel at toget blei ståande på Hallingskeid medan skadane blei reparerte.

Toget var 90 minuttar forseinka, og blei ytterlegare forseinka på grunn av hendinga.

– Me går ut frå at det var raset som var årsaka til luftlekkasjen. Det blei reparert raskt. No går trafikken etter det eg forstår som normalt, men dette toget er forseinka, seier Schage.

Ifølge Lura går det framleis sakte i retning Bergen.

– Me køyrer framleis med kraftig redusert fart frå Myrdal, opplyser han til NRK like før klokka 15.30.

Avsperret område på togvogn etter at tog ble truffet av is

STENGDE AV: Deler av vogna som blei treft blei stengd av etter hendinga.

Foto: Christian Lura / NRK

Bane Nor: – Ingenting unormalt i tunnelen

Pressevakt Dag Svinsås i Bane Nor seier det er høgst uvanleg at passasjertog blir treft av issprang frå tunnelar. Det er Bane Nor som har ansvaret for infrastrukturen på jernbanen.

Søndag ettermiddag var mannskap frå Bane Nor og sjekka Finsetunnelen, fortel Svinsås til NRK.

– Dei har ikkje funnet noko unormalt i det heile tatt. Verken på underlaget, vegger eller tak.

Mannskapet har likevel ein teori om kva som kan ha skjedd.

Du får ei trykkendring når toget kjem inn i tunnelen, og det er varmare. Då kan isen ha losna frå toget og blitt slengt opp av trykket.

– Me har jamlege kontrollar, så dette skjer veldig sjeldan.

Tetter vindu på toget etter isras

BERGEN: Vindauga på toget blei tetta på stasjonen i Bergen.

Foto: Therese Pisani Grimstad / NRK
Tetter vindu på toget etter isras

BERGEN: Vindauga på toget blei tetta på stasjonen i Bergen.

Foto: Therese Pisani Grimstad / NRK

I ein tidlegare versjon av denne saka skreiv NRK at hendinga skjedde i Hallingskeidtunnelen. Det rette er Finsetunnelen.