Svein Landro blei i 1992 dømd til eitt år og to månader i fengsel for overgrep mot sin eigen son og niese.
I tretten år har han levd med stempel på seg som sex-forbrytar.
Feil avhøyr felte mange
No kan han reisa heim og sjå folk i augo, seier han til Bergens Tidende i dag.
Feil gjort under avhøyr av borna fekk eit tjuetals menn uskuldig dømde for overgrep mot born på byrjinga av 90-talet.
Prøvd å reinvaska seg tidlegare
Videoopptak av dommaravhøyra viser i ettertid korleis borna vart leda til å forklara ting som aldri hadde hendt.
Landro vart i går frikjend etter å ha prøvd to gongar før å få saka si teken opp att.