Hopp til innhold

Eeva-Maria vart ikkje utsett for noko kriminelt

Det var Eeva-Maria Sieppi (31) som vart funnen død i Lille Lungegårdsvann i Bergen i går. Politiet seier at ho ikkje er utsett for noko kriminelt.

Død kvinne funnet i Bergen

FUNNEN DØD: Eeva-Maria Sieppi vart funnen i går kveld.

Foto: Mathiesen, Tor Erik / NTB scanpix

Sakna - Eeva-Maria Sieppi

VAR SAKNA: Eeva-Maria Sieppi var sakna frå natt til 17. mai, til i går.

Foto: Privat

Eeva-Maria Sieppi har vore sakna sidan natt til 17. mai. I går vart ho funnen i Lille Lungegårdsvann i Bergen sentrum.

– Det er ingen teikn til at det har skjedd noko kriminelt. Vi fekk den førebelse obduksjonsrapporten no i dag tidleg, og den syner at ho døde av drukning, seier politioverbetjent Rigmor Isehaug til NRK.no.

Omfattande leiteaksjon

Den avdøde kvinna er endå ikkje formelt identifisert, men politiet er sikre på at det er Eeva-Maria som er funnen.

– Utsjånad, smykke og tatoveringar tyder på det, men det står igjen nokre formelle skritt for å få ein formell identifikasjon. Vi er sikre på at det er henne, og vi har varsla dei pårørande, seier Isehaug.

31-åringen forsvann natt til 17. mai, og det har vore svært få spor etter henne. Familie, vener og politiet har gjennomført omfattande leiteaksjonar, både i sjøen og i Bergen sentrum.

Fredag 24. mai søkte politiet og brannvesenet i Lille Lungegårdsvann etter kvinna. Grunna dårleg sikt fann ikkje dykkarane noko, og politiet ønskte å gjennomføre nye søk i vatnet. Det vart altså gjort i går.

Politiet ser på dødsfallet som ei ulukke, og vil ikkje føre vidare etterforsking i saka.

Observert på Deli de Luca

Det er ingen teikn til korleis den avdøde hamna i vatnet, men Isehaug meiner at det har skjedd mellom 03.03 og 03.28 natt til 17. mai.

– Ho vart observert på Deli de Luca klokka 03.03, og dei siste signala frå telefonen hennar kom klokka 03.28. Difor meiner vi at ho må ha falle i vatnet i denne perioden, seier Isehaug.

Politiet har tidlegare frigjort ein overvakingsvideo frå Deli de Luca, som viser Eeva-Maria i butikken.

Eeva-Maria Sieppi

DELI DE LUCA: Dette biletet frå Deli de Luca vart tatt like etter klokka 03 natt til 17. mai.

Foto: Overvåkningskamera