Hopp til innhold

Trur dei har funne Eeva-Maria

Ein person er funnen død i Lille Lungegårdsvann i Bergen sentrum. Politiet trurdet den omkomne er den sakna Eeva-Maria Sieppi.

Sakna kvinne i Bergen
Foto: Tom Arne Moe / NRK/privatfoto

Sakna - Eeva-Maria Sieppi

SAKNA: Eeva-Maria Sieppi forsvann etter ein kveld på byen i Bergen sentrum, natt til 17. mai.

Foto: Privat

– Eg kan stadfeste at vi har funne ei kvinne, og at det mest truleg er den sakna Eeva-Maria Sieppi, opplyser Rigmor Isehaug, politioverbetjent ved Bergen sentrum politistasjon, overfor NRK.no.

Søkte i vatnet

Det har torsdag vore gjort nye søk i Lille Lungegårdsvann etter 31-åringen som har vore sakna sidan natt til 17. mai. Om lag klokka 14.30 vart det gjort funn på seks-sju meters djupne, ved hjelp av sonar. Dykkarar vart sendt ned, deretter vart familien til den sakna varsla.

Rigmor Isehaug

STADFESTER: Politioverbetjent Rigmor Isehaug seier politiet trur dei har funne 31 år gamle Eeva-Maria.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

– Vi har hatt dykkarar nede. Dei har henta opp den omkomne. Kriminalteknikarar har vore på åstaden, og vil snart avslutte på staden, seier Isehaug.

Skildring av den sakna sin utsjånad og kleda ho skal ha hatt på seg då ho forsvann, gjer at politiet trur det det den sakna kvinna. Men endeleg stadfesting av identiteten får ikkje politiet før i morgon, når obduksjonen finn stad.

Stort område

Eit stor område i Bergen sentrum var torsdag ettermiddag sperra av.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Politisperring i Bergen

SPERRA AV: Politiet har torsdag ettermiddag sperra av eit område langs Lille Lungegårdsvann i Bergen sentrum.

Foto: Tom Arne Moe / NRK

– Det er mykje politi på staden, og området frå Bystasjonen til Kunsthallen er sperra av, fortel NRK-reporter Renold Tennysen Christopher frå staden klokka 16.23.

Mange skodelystne har samla seg rundt sperringane. Den omkomne vart frakta ut av området i 16.30-tida.

Det er ikkje kjent om det ligg noko kriminelt bak dødsfallet. Politiet vil ikkje gi ytterlegare kommentarar i saka før fredag.

Har leita i fleire veker

Forsvinninga til den 31 år gamle kvinna har vekt sterkt engasjement i Bergen. Familie og vener har i fleire veker leita over store deler av Bergen sentrum.

Sieppi vart sist sett då handla mat på Deli de Lucka i Vestre Torggate i Bergen sentrum natt til 17. mai. Ho hadde då vore på utestaden Inside Rock Cafe like i nærleiken.

31-åringen vart fanga opp av overvakingskamera inne i kiosken, men der endte alle spor.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Eeva-Maria Sieppi

DET SISTE BILETET: Eva-Maria Sieppi vart fanga opp av dette overvakingskameraet inne på Deli de Luca i Vesttre Torggate i Bergen, natt til 17. mai.

Foto: Overvåkningskamera

Tidlegare denne veka deltok Forsvaret i søk etter kvinna på universitetsområdet på Nygårdshøyden i Bergen.

Evva-Maria Sieppi var opphaveleg av finsk-samisk herkomst. Ho flytta til Bergen frå Finnmark for åtte år sidan.

Poitioverbetjent Rigmor Isehaug forteller om funnet av en død kvinne i Bergen sentrum.

Politiet om funn i Lille Lungegårdsvann